Verden

Kongen besøkjer pårørande etter barnehagemassakren i Thailand

Gråtande og sørgjande familiemedlemmer samla seg fredag utanfor barnehagen i Uthai Sawan i Thailand, der 24 småborn og tolv vaksne vart drepne dagen før.

34 år gamle Panya Kamrap, som nyleg hadde fått sparken som politimann, skaut først mot barnehagen frå bilen sin, før han trengde seg inn i bygningen og drap med kniv.

Etter massakren køyrde han heim og drap kona, sonen og seg sjølv, ifølgje politiet.

Tilbake i barnehagen låg 24 drepne born, dei fleste av dei i to-treårsalderen, og tolv vaksne.

Tragedien sjokkerte heile Thailand, og fredag besøkjer kong Maha Vajiralongkorn og statsminister Prayut Chan-o-cha dei etterlatne i landsbyen Uthai Sawan, godt og vel 500 kilometer nordaust for Bangkok.

Utanfor barnehagen venta hjarteknuste foreldre, sysken og andre slektningar av dei drepne, og mange av dei la kvite roser ned på trappa til bygningen.

24 småbarn i to-treårsalderen og tolv voksne ble drept da en avsatt politimann angrep en barnehage i Uthai Sawan nordøst i Thailand torsdag. Foto: AP / NTB

Misbrukar

Ifølgje lokale innbyggjarar var gjerningsmannen godt kjent og likt i området, men det var inga hemmelegheit at han misbrukte metamfetamin.

Ifølgje politiet skulle han møte i retten fredag, tiltalt i ei narkotikasak som tidlegare i år kosta han jobben.

Den verste masseskytinga i Thailand før hendinga torsdag, fann stad i 2020. Då opna ein soldat eld i eit kjøpesenter i Nakhon Ratchasima nordaust i landet. 29 menneske vart drepne før gjerningsmannen sjølv vart drepen av tryggingsstyrkar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Verden