Verden

No kjem det fleire asylsøkjarar - mange frå Syria

SØKJER ASYL: Rekordmange flyktningar og migrantar kjem til Europa. No finn stadig fleire vegen til Norge og søkjer asyl.

Toppåret var 2015. Over ein million flyktningar og migrantar tok seg inn i Europa. Over 30.000 søkte asyl i Norge. Aldri tidlegare hadde så mange bedt om vern her i landet.

Hausten 2023 er tre trendar synlege i tala frå norsk utlendingsforvaltning og EUs grensevaktbyrå:


  • Rekordmange flyktningar og migrantar kjem til Europa, melder Frontex.
  • Stendig fleire reiser nordover i Europa og ber om vern i Norge, opplyser Utlendingsdirektoratet (UDI).
  • UDI bur seg på at så mange som 10.000 søkjer asyl i Norge i år – og planlegg for nær 5.000
  • Talet på ukrainarar som kjem til Norge aukar no kraftig, viser ferske UDI-tal: 58.000 ukrainarar har søkt asyl sidan februar i fjor. Berre siste veke søkte nesten 1.500.

Sprengt kapasitet i Kommune-Norge

Resultat: Presset på Norges mottakssystem aukar, så også i Kommune-Norge, som må bu seg på å busetje ekstra mange i år og neste år.

Difor byrjar kommunar å seie nei til nye flyktningar. Dei manglar bustader og kapasiteten til helse, skule og barnehage er sprengt.

Det handlar nok om alt frå gode ruter som fører til Norge, til nettverk av landsmenn

—  Jon Ole Martinsen, Noas

Dobbelt så mange i år

Frontex, EUs grensevaktbyrå, overvakar yttergrensa i Schengen-samarbeidet, der Norge også er med. Etter første halvår summerer Frontex opp dei «irregulære grensepasseringane»:

  • I perioden januar-juli tok 176.100 seg ulovleg inn i Europa – ikkje sidan nesten-toppåret 2016 har talet vore høgare.
  • Storparten, 89.000, kom via den sentrale Middelhavs-ruta, som går frå særleg Libya og Tunisia til Italia. Auken er på 115 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Dei andre rutene er Vest-Afrika til Kanariøyane, Marokko til Spania, Tyrkia til Hellas og landsrutene Tyrkia-Bulgaria/Hellas og over Balkan.

MÅL

---

Flyktningar

  • Krig, forfølging, tørke og flaum dreiv rekordhøge 108,4 millionar menneske på flukt i 2022, melder FN.
  • Frå 2021 har talet auka med over 19 millionar menneske.
  • Ukraina-krigen har gjort 5,8 millionar ukrainarar til flyktningar i Europa.

---

Søkjer til Norge

Utviklinga UDI loggfører viser at talet på flyktningar som reiser nordover i Europa, og endar opp med å levere inn ein asylsøknad i Norge, no aukar:

  • I perioden januar-august i år søkte 2.557 frå andre land enn Ukraina.
  • Det kjem flest frå Syria, Tyrkia, Eritrea og Afghanistan.
  • I heile fjor søkte 4.090 frå andre land enn Ukraina.
  • Tala for 2021 og 2020 er høvesvis 1.656 og 1.386 asylsøknader.

Nettverk av landsmenn i Norge

– Kvifor blir akkurat Norge valt, av særleg syrarar og eritrearar?

Spørsmålet går til Jon Ole Martinsen, talsmann i Norsk organisasjon for asylsøkere (Noas):

– Kvifor asylsøkjarar akkurat vel Norge, veit me lite om. Men det handlar nok om alt frå gode ruter som fører til Norge, til nettverk av landsmenn, seier han til Vårt Land.

UDI planlegg i haust for at opp mot 5.000 – frå andre land enn Ukraina – vil be om vern her i landet, men i det dei kallar «øvre mulighetsrom» bur UDI seg på å ta i mot så mange som 10.000.

Kjem over Middelhavet

Til no i år har det kome flest asylsøkjarar frå Syria. I februar søkte 35 syrarar asyl i Norge. I august enda talet på 202, viser ferske tal frå UDI.

Medan syrarane oftast kjem til Norge via dei austlege rutene, frå Tyrkia til Hellas over land eller frå Tyrkia til Hellas med båt, kjem mange eritrearar til Europa med båt over den sentrale Middelhavs-ruta.

bå

Blir sendt ut av Norge

Utviklinga i regionen sør for Sahara kan sende bølger av flyktningar mot Europa. På éin månad har regjeringa i to land i Afrika blitt styrta. Skulle Sahel-regionen bryte heilt saman, vil det få store konsekvensar for Europa, seier forskar og Afrika-kjennar Morten Bøås til NTB.

Frontex opplyser at mellom dei som kjem til Europa via Vest-Afrika til Kanariøyane og via Middelhavs-rutene, er det svært mange frå Vest-Afrika. Men UDIs tal viser at få av desse søkjer asyl i Norge.

– Det er fordi få herfrå får opphald i Norge, samt at Norge har ein effektiv returpolitikk for dei som skal tilbake til Vest-Afrika, fortel Martinsen i Noas.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verden