– Det er viktig å seie at me ikkje ynskjer å ta vekk den kristne forankringa, seier landsstyreleiar i Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA), Magne Mjærum.
KIA er ein kristen organisasjon som jobbar med integrering. Over lengre tid har vedtektskomiteen i KIA jobba med større endringar i vedtektene. Men i høyringssvara er det fleire lokallag og medlemsorganisasjonar som reagerer sterkt på dei foreslegne endringane. Den 12. november samlar landsmøtet i KIA seg, mellom anna for å stemme over forslaga til komiteen.
I sitt høyringssvar summerer Bergens Indremisjon, ein del av Indremisjonsforbundet, opp det dei fleste reagerer på. Dei skriv mellom anna at, at endringane etter deira oppfatning inneber «ei teologisk omtolking av KIAs basis. Det kjem mellom anna til uttrykk ved at å «gjera evangeliet kjent» blir teke bort i forslag til nye vedtekter, og at tilvisinga til Lausannepakta sløyfast. I staden innfører ein ei tilvising til: den humanistiske tradisjon med særleg vekt på menneskeverdet».
Lausannepakta fungerer som ei slags erklæring for dei som reknar seg som evangelikale kristne og har tilslutning frå ulike kyrkjesamfunn over heile verda.
Landsstyreleiar Mjærum seier dei ikkje har noko ynskje om å skjule sin kristne identitet, og at forslaga til endring har fleire grunnar.
– Me vil gjerne nå breiare ut og jobbe meir økumenisk. Då kan formuleringa om Lausannepakta koma i vegen, meiner Mjærum.
---
Lausannepakta
- Spring ut frå Lausannerørsla som er ei verdsvid rørsle av evangelikale kristne, starta av den kjente amerikanske predikanten Billy Graham i 1974.
- Blei skriven under ein konferanse i 1974 der om lag 2500 kristne leiarar frå 150 land deltok.
- Fungerer som ei slags erklæring for dei som reknar seg som evangelikale kristne.
- Pakta har form som ei økumenisk trusvedkjenning.
---
[ Iranske Farideh fikk nattverd: – Noe skjedde inni meg ]
Unaturleg for katolikkar og ortodokse
Noverande paragraf lyd slik: «KIA byggjer på den kristne tru, slik den er uttrykt i Bibelen og dei tre oldkyrkjelege trusvedkjenningane. KIA gjev si tilslutning til Lausannepakta».
Det nye forslaget har fleire endringar: «KIA byggjer på den kristne tru, slik den er uttrykt i Bibelen, og dei tre oldkyrkjelege trusvedkjenningane og i den humanistiske tradisjon, med særleg vekt på menneskeverdet».
Landsstyreleiaren fortel at dei i KIA ser kor viktig det er å jobbe saman med katolske og ortodokse kyrkjelydar, som ofte er gode på integrering, og dessutan har store migrantkyrkjelydar. Dette er noko av grunnen til forslaget om å fjerne tilslutninga til Lausannepakta.
– Me i KIA synest Lausannepakta er flott, det er ikkje noko gale med den, men den er ganske protestantisk, noko som det blir unaturleg for ein del kyrkjesamfunn å tilslutte seg.
Mjærum kallar det eit «praktisk spørsmål», og meiner det ikkje betyr at KIA skiftar teologisk retning.
---
Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA)
- Kristen organisasjon som jobbar med integrering.
- Arrangerer mellom anna norskkurs, fotballtrening, middagar, kulturkafear, kurs, seminarer, turar og leirar.
- Oppretta i 1974 av fleire kristne organisasjonar.
- Fleire kristne organisasjonar, kyrkjelydar og kyrkjesamfunn er medlemmar, mellom anna Det Norske Baptistsamfunn, Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn, fleire frikyrkjer, ei rekkje Normisjon-regionar, Bergen Indremisjon og Agder og Telemark Bispedøme i Den norske kyrkja.
Kjelde: kianorge.no
---
[ På sporet av en ny katolsk bølge ]
Vil kunne gjera folk usikre på teologien
– I høyringssvara blir det blant anna sagt at å fjerne tilknytinga til Lausanne-pakta vil kunne gjera folk usikre på teologien og føre til at ein trekkjer seg frå samarbeidet, eller vel å ikkje gå inn i eit slikt samarbeid. Er det noko du er redd for?
– Nei, eg håpar då verkeleg ikkje det vil skje. Det står framleis at me byggjer på Bibelen og dei oldkyrkjelege vedkjenningsskrifta. Det er ganske stødig.
Mjærum seier at ein har jobba grundig med vedtektsendringane innanfor organisasjonen, og at han opplever at dei tilsette stiller seg bak forslaga.
I tillegg har Mjærum og generalsekretæren i KIA, Alf Petter Hagesæther, møtt toppleiinga i Norsk Luthers Misjonssamband, Det Norske Misjonsselskap (NMS), Normisjon og Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn (DELK) og lagt fram endringane som blir forslått.
– Me har hatt gode samtaler, og sjølv om dei ikkje er einige i alt opplever eg at dei langt på veg viser forståing for det me gjer, seier Mjærum, som påpeikar at samarbeidet med misjonsorganisasjonane er svært viktig for KIA, sidan både frivillige og tilsette sit på fleirkulturell kompetanse.
– Dempar målsetjinga om å gjera evangeliet kjent
Ei av dei andre endringane fleire kommenterer i høyringssvara er forslaget om å fjerne formuleringa «å gjera evangeliet kjent» frå formålsparagrafen og at ein foreslår å leggje til at ein mellom anna byggjer på «den humanistiske tradisjon».
I Misjonssambandet region vest sitt høyringssvar skuldar dei KIA sitt endringsforslag for å kraftig dempe den evangelikale retninga og målsetjinga om å gjera evangeliet kjent for menneske frå andre kulturar.
– Kva tenkjer du om det?
– Me ynskjer framleis at evangeliet skal bli kjent for folk frå andre kulturar. Men det handlar litt om musklane me har som organisasjon.
Mjærum sender utfordringa tilbake til misjonsorganisasjonane. Han seier dei per i dag får nitti prosent av midlande frå det offentlege. Desse pengan går i hovudsak til sosialt og diakonalt arbeid.
Mjærum seier pengestøtta frå misjonsorganisasjonane har gått nedover dei siste åra, og at dei ikkje har like mykje midlar til å jobbe med kyrkjelydar og meir evangeliserande arbeid som dei skulle ynskje.
[ 31 norske misjonsorganisasjoner samlet for «unådde folkegrupper» – på tvers av teologiske standpunkt ]
Vil ha språk styresmaktene forstår
Endringane i paragrafane om formål og basis for KIA blir mellom anna i saksdokumenta til Landsstyremøtet forklart med at dei noverande er «formulert på ein måte som er klar og tydeleg og som blir forstått intuitivt av indrekyrkjelelge organ, men som kan gje feil assosiasjonar og lede til negative haldningar og dermed også til avvising hjå offentlege styresmakter».
Vidare skriv dei at dei har opplevd dette fleire gonger, og at forslaget til ny formålsparagraf ikkje betyr ei endring i det faktiske arbeidet og målsetjingane ein har for dette.
– Vedtektene våre stammar frå langt tilbake i tid, og me må tilpasse oss det som skjer på innvandringsfeltet. Med den nye språkdrakta ynskjer me ikkje å skjule det kristne, men det skal samstemme betre med det me faktisk gjer.
– Å ta inn formuleringa «humanistisk tradisjon», er det å fri til styresmaktene? Det kan bli oppfatta som litt feigt?
– Me må ha ein språkbruk som også det offentlege forstår, utan å skjule at me er kristne. Og den humanistiske tradisjonen er ikkje ukristeleg, seier Mjærum.
For at endringane skal gå gjennom er dei avhengige av to tredjedels fleirtal på landsmøtet om vel to veker.