Religion

VID får likevel bygge vidare på Misjonsmarka – men risikerer å måtte rive seinare

DISPENSASJON: Fasaden på den nye høgskulebygningen til VID i Stavanger var allereie ferdigbygd då statsforvaltaren trakk byggjeløyvet tilbake. No får dei byggje vidare medan ny reguleringsplan blir utforma, men risikerer å måtte rive seinare, skriv Stavanger Aftenblad.

Berre ei veke er gått sidan statsforvaltaren i Rogaland, Bent Høie, beordra full stans i arbeidet på VID vitskapelege høgskole si nye skulebygning på Misjonsmarka i Stavanger.

No har utvalet for by- og samfunnsutvikling i Stavanger gjeve høgskulen dispensasjon frå reguleringsplan i fire år, og med der står dei fritt til å fullføre det nye undervisningsbygget slik at det kan stå klart til studiestart hausten 2022, skriv Aftenbladet.

Men arbeidet må VID gjere på eige ansvar. Om ein ny reguleringsplan ikkje er godkjend innan dei fire åra er gått, vil det få kostbare konsekvensar.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) fikk mandag formiddag sin første vaksinedose i Stavanger. Foto: Fredrik Hagen / NTB

Tredje etasje kan måtte rivast

— Utbyggar vil no starte på arbeidet med reguleringsplan, og den er venta før sommaren. Dersom ikkje planen går gjennom til slutt, er utbyggar innforstått med at tredje etasje må rivast, seier Frode Myrhol (FNB), leiar i utvalet for by- og samfunnsutvikling, til Aftenbladet.

Kommunen gav først løyve til bygging, med fleire dispensasjonar frå regulering, blant anna for byggjehøgde og takform. Det kom inn klager frå til saman seks naboar på dette byggjeløyvet, og det vart gjort klart for byggherren at før desse var blitt handsama, vill bygging skje på eige ansvar.

Byggherren, NMS Eiendommer, valte likevel å sette i gang bygginga i mars, og i dag står det meste av eksteriøret på bygninga allereie ferdig.

?

Må regulere på nytt

Statsforvaltaren gav klagarane medhald, og seier at kommunen her har gått ut over tilgangen til å gje dispensasjon, og skal bygget godkjennast krev det ein ny reguleringsplan. Fredag førre veke sende kommunen ut varsel om full byggjestans som følgje av dette.

Torsdag kveld kom utvalet for by- og samfunnsutvikling til ei mellombels løysing som gjer det mogleg å halde fram med arbeidet.

— Vi er svært glade for avgjersla politikarane har tatt i dag. Dersom reguleringsplanen skulle innehalde moment som ikkje kan takast opp i ny reguleringsplan, vil vi som utbyggar måtte stelle oss til det, seier eigedomsutviklar Trond Vigesdal i NMS Eiendommer AS til Stavanger Aftenblad.


Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion