Religion

Folkehøgskular opplever kraftig søknadsfall for andre år på rad – men ikkje alle

FÆRRE PÅ FOLKEHØGSKULE: 12, 7 prosent færre har takka ja til plass på folkehøgskule i år i forhold til i fjor.

Informasjonsrådgjevar i Folkehøgskolene, Julie Byberg Bø.

Tal frå Folkehøgskolene viser at 5.988 elevar har takka ja til ein plass ved dei norske folkehøgskulane per 1. august. Dette er ein nedgang på meir enn 12,7 prosent samanlikna med same tid i fjor.

– Sjølv om vi ser ein nedgang samla sett, er den betydeleg mindre enn tidlegare i år. Så om tendensen held fram har vi tru på at forskjellen frå i fjor vil bli enda mindre dei neste vekene, seier Julie Byberg Bø, informasjonsrådgjevar i Folkehøgskolene.

Også i fjor kunne Folkehøgskolene rapportere om ein nedgang, som då låg på om lag 5,2 prosent.

– Av erfaring vil elevtalet auke

Bø seier at skulane tar opp elevar fram til skulestart i slutten av august, og at dei forventar ein auke på nokre hundre elevar fram mot 1. september.

– Søkjertala i sommar har vore høgare enn i fjor sommar, og samanlikna med i fjor takker ein større del av søkarane ja til en plass, så det tyder også på at vi kan sjå ei rørsle i elevtalet dei neste vekene.

Ut ifrå elevtal, som vil seie elevar som har takka ja før 1. juni, mellom 2013 til i dag, er årets tal det lågaste (sjå tabell).

Gjer oppmerksam på at verdiane i den vertikale aksen begynner på 4.500 elevar i tabellen. Dette gjer at grafen ikkje framstiller tala fullstendig som dei er, men får fram utviklinga.

Noko forskjell mellom elevtal til kristne og frilynte skular

Folkehøgskolene er ein felles organisasjon for både kristne og frilynte folkehøgskular. Dei gir berre ut dei samla tal for folkehøgskular innan dei to kategoriane, og Vårt Land har derfor ikkje fått tilgang til dei nøyaktige elevtala for dei kristne folkehøgskulane separat.

Trass ein generell nedgang, er det også enkelte folkehøgskular som opplever stabilt høge tal, eller ein auke i elevtalet. Den kristne Danvik Folkehøgskole er éin av dei.

Rektor Hege Norøm på folkehøgskulen i Drammen fortel at 179 elevar har takka ja hos dei så langt – i fjor hadde dei 174. Ho fortel at tala har vore jamne dei siste åra.

– Vi budsjetterte for lågare enn 179, ettersom vi tenkte at vi ikkje ville klare så mange. Det var jo ein liten nedgang i folkehøgskulane i fjor, og vi tenkte at vi også kom til å bli ramma no. Men no er vi forbi det målet, og det kjem jo søknader kvar dag. Eg tenkjer at vi enno kan klare å hanke inn kanskje ti elevar, og då er det ganske fullt her.

Hege Norøm, rektor på Danvik Folkehøgskole.

Trekk fram linjetilbodet som viktig

Norøm trur det er fleire ting som gjer at Danvik får så mange søkjarar, men trekk fram linjetilbodet som spesielt viktig.

– Vi er ein medie-folkehøgskule, og eg trur først og fremst at vi har attraktive linjer for elevar.

Ho seier dei har eit høgt fagleg nivå, med lærarar som er aktive i mediebransjen.

– Eg trur kanskje det er ein viktig nøkkel her, at når vi jobber så tett på bransjen er vegen inn mot arbeidslivet ikkje så lang, seier ho, og legg til:

– Godt rykte og høg kvalitet, eg trur eigentleg at det er det. Vi har truffe på både på linjeval og markedsføring.

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion