– At Metodistkyrkja ikkje har bede om godkjenningar av alle revisjonar av vigselsliturgiane sine har etter mi meining ingen fylgjer for om ekteskapa er gyldige.
Det meiner professor ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo, John Asland. Han har familierett som ein av sine spesialfelt.
Uroa byrja førre veke då avisa Dagen skreiv at Metodistyrkja i Noreg i tretti år har nytta ekteskapsliturgiar som ikkje har vore godkjende av norske styresmakter.
Konsekvensen, ifylgje professor Asbjørn Strandbakken: Ekteskapa inngått mellom 1991 og 2023 i Metodistkirken – truleg rundt 800 i talet – kan vere ugyldige.
Kristine og Håvard Larsen er eitt av ektepara som har lura på kva konsekvensane kan bli for dei.
Har endra liturgien fleire gonger
Metodistkyrkja har endra liturgien som blir brukt i vigsling fem gonger sidan 1970, utan å søke godkjenning. Fyrste endring blei gjort i 1991, før det også blei gjort endringar i 2009 med revidering i 2017 og 2019, i tillegg til ei endring i 2023.
Berre fyrst- og sistnemnde, altså endringane gjort i 1970 og 2023, blei godkjende, ifylgje Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
I 1970 var det Justisdepartementet som godkjende liturgien, i dag er det Bufdir som godkjenner vigselritual.
I ein e-post til Dagen skreiv avdelingsdirektør for ekteskapsrett i direktoratet, Marija Rosenqvist, at «konsekvensene av å vie et par uten at vigselritualet er godkjent av Bufdir, er at ekteskap ikke er inngått».
– Jobbar på høgtrykk
Hilde Marie Movafagh er rektor på Metodistkirkens teologiske seminar. Til Vårt Land har ho samanfatta det ho oppfattar er hovudendringane frå 1970 til 2019:
Eit meir modernisert språk, problematisk teologi er reinska ut og par har større valfridom. I tillegg er det komme inn salmar, bøner og generelt fleire ledd i liturgien.
På Metodistkyrkja sine nettsider skriv kyrkja tysdag 12. september at det for dei «framstår som urimeleg om desse endringane skal ha konsekvensar for dei som har via seg i kyrkja vår»:
- Me jobbar på høgtrykk for å avklare sakene formelt og er i ein god kommunikasjon med statsforvaltaren og Bufdir, ifylgje dagleg leiar i metodistkyrkja, Emil Skartveit.
John Asland ved Universitetet i Oslo gjev kyrkja støtte i tolkinga om at endringane ikkje nødvendigvis treng å få konsekvensar for dei som har gifta seg dei siste tretti åra.
Uroa for «frilynte prestar»
Asland har kikka på dei ulike liturgiane for Vårt Land.
Han seier alle versjonane inneheld dei krava som ekteskapslova stiller for ein gyldig vigsel:
– Så vidt eg kan sjå oppfyller alle liturgiane at brurefolka møter opp personleg for vigslaren, at dei erklærer at dei ynskjer å inngå ekteskap med kvarandre, og at vigslaren erklærer burerfolks for rette ektefolk.
Asland påpeikar at ekteskap i ein periode mellom 2009 og 2020 var ugyldige «dersom prest i Den norske kyrkja ikkje har fylgt liturgi fastsett av Kyrkjemøtet». Dette seier han kom inn i loven i forbindelse med kjønnsnøytral ekteskapslov:
– Ein var uroa for at frilynte prestar skulle vie homofile par før det hadde komme på plass ein eigen liturgi for dette.
At Metodistkyrkja ikkje har bede om godkjenningar av alle revisjonar av vigselsliturgiane sine har etter mi meining ingen fylgjer for om ekteskapa er gyldige
— John Asland, professor
Etter at det kom på plass ein slik liturgi oppheva ein dette atterhaldet for godkjenning av vigslar. Men Asland påpeikar at dette alltid har vore mynta på Den norske kyrkja, og at denne regelen om å berre bruke godkjent liturgi aldri har gjeldt Metodistkyrkja.
[ Tre metodistmenigheter blir én: – Både vemod og forventning ]