Tala frå kyrkjevalet i Stavanger er inne. Open folkekyrkje får tre mandat, Nominasjonskomiteens liste får to, medan Frimodig kirke og Bønnelista får inn éin representant kvar i bispedømerådet i oljebyen.
Nykommaren Frimodig kyrkje har med det tatt eitt mandat frå Nominasjonskomiteens liste.
Stavanger Aftenblad meldte saka fyrst.
Dei som sit i bispedømeråda får også eit sete i Kyrkjemøtet, det øvste, demokratiske organet i Den norske kyrkja.
Tala er foreløpige, og etter planen skal resultatet bli endeleg godkjent av valrådet onsdag 20. september.
Desse kom med
Desse er faste medlemmar i Stavanger bispedømeråd 2023-2027:
- Helene Breivik Hellerdal, Open folkekyrkje
- Brit Nelly Ness Tveit, Nominasjonskomiteens liste
- Therese Egebakken, Frimodig kirke
- Magne Hersvik, Bønnelista
- Dorrit Vignes, Open folkekyrkje
- Kristine Brunvathne Bjerkestrand, Nominasjonskomiteens liste
- Eirik Faret Sakariassen, Open folkekyrkje
- Jarle Stokka, lek kyrkjeleg tilsett
- Dag Tormod Milje, geistleg representant
- Anne Lise Ådnøy, biskop i Stavanger
Valet av tilsetterepresentantar blei klart førre veke. Kven det blei i dei ulike bispedøma kan du lesa her.
[ Sjokkval: Fyrstekandidat kom ikkje inn i Oslo bispedømeråd ]