Religion

Dette meiner dei blir viktig på Kyrkjemøtet: – Eit vegval

DEN NORSKE KYRKJA: Kyrkjemøtemedlem Arve Juritzen meiner valet av ny kyrkjerådsleiar signaliserer meir enn kva kandidat ein likar best.

– Me står overfor eit vegval.

Det seier kyrkjemøtemedlem Arve Juritzen om valet av ny Kyrkjerådsleiar. Det er éin av mange saker som skal opp på Kyrkjemøtet denne veka.

Då skal dei 117 medlemmane som utgjer det øvste, demokratiske organet i Den norske kyrkja (DNK) vera saman i fire dagar for å diskutere og stemme over ei mengde saker som påverkar kyrkja i tida framover.

Me har tatt ein prat med nokre personar om kva saker dei meiner blir spanande på Kyrkjemøtet, eller kyrkjas «Storting» om du vil.

– Det viktigaste blir absolutt val av nytt kyrkjeråd. Det vil setje preg på arbeidet vårt framover på ein tydeleg måte, seier Juritzen.

Arendalsuka 2023

Kyrkjerådet styrer på vegne av Kyrkjemøtet mellom deira årlege samlingar, og kan bli samanlikna med kyrkja si «regjering».

Her sit 17 medlemmar. Og no skal eit heilt nytt kyrkjeråd bli valt. Dessutan har kyrkjerådsleiaren gjennom åtte år, Kristin Gunleiksrud Raaum, sagt at ho ikkje stiller til attval.

Harald Hegstad frå Nominasjonskomiteens liste og Gard Sandaker-Nielsen frå Open folkekyrkje er lanserte som kandidatar til å ta over roret.

Det er også høve for medlemmane i Kyrkjemøtet å foreslå andre kandidatar under møtet.

---

Kyrkjemøtet 2024

  • Kyrkjemøtet er det øvste demokratiske organet i Den norske kyrkja og møtest ein gong i året.
  • Ein kan kalle møtet kyrkja sitt «Storting» eller generalforsamling.
  • I år er fyrste gong det nye Kyrkjemøtet som sit for perioden 2024-2027 samlast.
  • Møtet skjer 11.-14. April. I Trondheim.
  • Kyrkjemøtet har 117 medlemmar.
  • 77 av desse er medlemmane av dei 11 bispedømeråda, som blei valt inn i fjorårets kyrkjeval. I tillegg er der 22 representantar for dei tilsette i Den norske kyrkja der, alle biskopane og samiske representantar. Det sit også ein representant for døvekyrkjelydane og éin frå ungdomsutvalet.
  • Det står 20 saker på sakslista.
  • I år skal Kyrkjemøtet mellom anna velje nytt kyrkjeråd og leiar av dette for dei fire neste åra. Det same gjeld også for Mellomkyrkjeleg råd og Samisk kyrkjeråd.
  • I tillegg skal Kyrkjemøtet mellom anna ta for seg plan for kyrkjeleg undervisning, fordeling av pengar for 2024 og jobbe vidare med kyrkjeleg organisering, som har vore den store saka på dei to førre kyrkjemøta.

Kjelde: Den norske kyrkja

---

Juritzen: – Likar ikkje retninga kyrkjedemokratiet går i

Juritzen meiner valet av ny leiar handlar om noko meir enn kva kandidat ein likar best:

– Det står mellom leiaren av eit parti og ein frittståande kandidat.

Nominasjonskomiteens liste har ikkje som Open folkekyrkje noko felles program.

Juritzen vil ikkje seie kven han skal stemme på, men er klar på kva retning han ynskjer.

– Eg likar ikkje retninga kyrkjedemokratiet går i, der dei kyrkjepolitiske partia blir sterkare og sterkare. Avgjerslene blir tatt lenger unna kyrkjelydane.

Han nemner at ressursar som har gått til å byggje opp kyrkjeparti og til å halde store kyrkjeval kunne blitt brukt annleis.

– Meir byråkrati er ikkje det me treng.

Mangel på kontroversar

Raaum tenkjer det er heilt ope kven som skal ta over etter henne som kyrkjerådsleiar. Dette blir hennar femtande kyrkjemøte. Rådet ho har leia har ansvaret fram til dette Kyrkjemøtet er lukka, og det nye kyrkjerådet tek over.

– Då skal eg puste, seier Raaum med ein liten latter.

Kirkemøtet 2022. Den norske kirke. Trondheim.

Ho har tre saker ho særleg vil trekkje fram som viktige på sakslista i år. Arbeidet med rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen, og plan for kyrkjeleg undervisning og læring.

Kathrine Tallaksen Skjerdal er sokneprest i Høvåg i Agder, og er valt inn i Kyrkjemøtet som presterepresentant. Ho trekkjer også fram desse to sakene, i tillegg til forslaget til ny liturgi for askeonsdag. Og dei to er også einige om at det på årets kyrkjemøte ikkje er dei store sakene der det er knytt mykje spenning og usikkerheit til utfallet av, med unntak av vala.

– Det er ingen store kontroversar i år, seier Skjerdal.

Ho gler seg mest til å jobbe med saka om trusopplæring. I forslaget til ein ny plan for dette arbeidet ligg det mellom anna inne at ein skal utvide målgruppa frå døypte mellom 0-18 år, til alle som er interesserte, uansett alder eller dåpsstatus. Det er ein av fleire endringar Skjerdal er begeistra for.

– Det er mange gode forslag her, og saka er realistisk. Her kallar ein ein spade for ein spade, og tek utgangspunkt i situasjonen slik han er, med eit drastisk fallande kunnskapsnivå om kristen tru, seier Skjerdal.

Ho er også glad for at ein foreslår å endre på det som av mange har blitt opplevd som eit fokus på såkalla tidsavgrensa breiddetiltak, til fordel for kontinuerleg barne- og ungdomsarbeid i kyrkjelydane. Skjerdal meiner begge typer arbeid er viktig.

Raaum: – Noko me vil gravleggje ein gong for alle

Dette trekkjer også Raaum fram som viktig.

– Det skiljet er blitt sterkt kritisert og det er noko vil me gravleggje ein gong for alle. Då vil det bli slutt på at kontinuerleg arbeid som barnekor eller tiltak i regi av barne- og ungdomsorganisasjonar ikkje kan reknast som trusopplæring.

Kyrkjerådsleiaren er også glad for fokuset den nye planen har på å formidle kunnskap om bibelforteljingar og kristen tru.

– Me ser kor mykje denne kunnskapen har gått ned både i samfunnet generelt, men også blant døypte. Å ta skikkeleg tak i dette blir heilt avgjerande for å vera ei folkekyrkje.

– Mykje smerte

For Skjerdal blir det å jobbe meir med kyrkja sitt forhold til det samiske folk viktig. I forslaget til vedtak står det mellom anna at ein vil erkjenne at kyrkja har medverka til fornorsking, og at ein skal laga ein handlingsplan for å jobbe vidare med sannings- og forsoningsarbeid.

– Det er så mykje smerte i den samiske historia. Dette er ikkje noko me kan vedta no, også er me ferdige. Forholdet mellom kyrkja og samar er eit maraton, seier presten.

Kirkemøtet 2023. Kathrine Tallaksen (Agder og T)

Arve Juritzen har éi sak han håpar får meir merksemd enn ho har gjort dei siste åra: nemleg økonomien i Den norske kyrkja:

– Ofte har økonomisakene berre sklidd rett gjennom på Kyrkjemøtet. Eg håpar at Kyrkjemøtet vil ta eit sterkare grep om langtidsøkonomien enn før. Greier me ikkje å førebu oss på at me får inn mindre og mindre pengar kvart år får me etter kvart få store økonomiske problem.

Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion