Religion

Flyttar Krik-messer: – Dumt at eit lite regnbogeflagg gjer at dei ikkje kan vera hjå oss

OSLO: I fleire år har Krik arrangert messer i Ila kyrkje. Det har dei no slutta med. – Blant våre medlemmar fungerer ikkje regnbogeflagget samlande, seier generalsekretæren.

I Oslo har Krik, eller Kristen Idrettskontakt, nokre gonger i året invitert unge vaksne og studentar til Krik-messer i Ila kyrkje.

Men i mai gjorde ei lita setning i eitt innlegg på sosiale medium det klart at det er det slutt på: «Denne gongen møtest me på Grefsen i Grefsen kyrkje».

Både Ila kyrkje og Grefsen kyrkje er eigd av Den norske kyrkja.

– Me ynskjer fortrinnsvis å ha Krik-messene i ein av Den norske kyrkja sine kyrkjer, sidan desse kyrkjeromma er kjende for mange og eignar seg godt til å famne breitt.

Det seier generalsekretær i Krik, Vegard Husby. Han forklarar at Krik ikkje skal vera ein kyrkjelyd, men at mange av dei som er engasjerte i idrettsaktivitetane til Krik, har eit ynskje om og samlast, på tvers av kyrkjeleg tilknyting.

Til sak om hvordan KRIK ikke vil holde arrangement i Iladalen kirke pga Pride-flag.

– Utfordrande

Husby stadfestar at det er utsmykking med regnbogeflagg i Ila kyrkje som er bakgrunnen for endringa av samlingsstad for Krik-messene i hovudstaden.

– Blant våre medlemmar fungerer ikkje regnbogeflagget samlande. Det er bakgrunnen for at me opplever det utfordrande å ha Krik-messer i Ila kyrkje, seier Husby.

Han seier at det den siste tida har blitt tydeleg for dei at det er viktig for Ila kyrkje å bruke regnbogeflagget som ein sentral del av utsmykkinga av kyrkja.

– Det ynskjer me å respektere.

Vegard Husby. Generalsekretær i KRIK.

Eit stort flagg bak alteret og eit lite i kaffibaren

Diakon Camilla Juell er dagleg leiar i Mer, som er Den norske kyrkja og KFUK-KFUM si kyrkje for unge vaksne i heile Oslo. Dei held til i Ila kyrkje, i tillegg til Sagene og Iladalen kyrkjelyd.

Ho synest det er veldig leit at Krik ikkje lenger vil ha messene sine hjå dei.

– Det er dumt at eit lite regnbogeflagg gjer at dei ikkje kan vera hjå oss. Me vil at Ila skal huse både Krik og Skeivt kristent nettverk, seier Juell som døme på organisasjonar med unge vaksne som har ulik profil.

Ho meiner regnbogeflagget er eit signal om dette; at ein vil vera ei kyrkje med rom for ulike menneske og organisasjonar.

Skeivt kristent nettverk har ein del lokallagssamlingar i kyrkja i Iladalen i Oslo.

Juell fortel at dei har to regnbogeflagg i Ila kyrkje. Eitt stort som tidvis heng bak altaret inne i kyrkjerommet, og eitt lite handflagg som heng på kaffibaren i kyrkjelydssalen, ved sidan av kyrkjerommet.

– Det bak alteret har dei tatt ned før Krik-messene. Det må dei få lov til. Men i ein kyrkjelydssal må det få lov å henge, meiner Juell.

Ho er heller ikkje einig i at regnbogeflagget er ein sentral del av utsmykkinga av kyrkja.

Til sak om hvordan KRIK ikke vil holde arrangement i Iladalen kirke pga Pride-flag.

– Dårleg grunngjeving

– Kva tenkjer du om grunnen deira til å ville flytte: at det ikkje er samlande for medlemmane deira å ha eit regnbogeflagg?

– Det synest eg er ei dårleg grunngjeving. Eg har sjølv vore mykje med i Krik som den gutejenta eg var i yngre dagar, og eg hadde det fint der. Eg er sjølv skeiv og gift med ei kvinne, og viss eg var ung og nokon hadde så store problem med eit regnbogeflagg ville eg ikkje turt å stå fram i det miljøet.

I seinare tid har Juell personleg hatt problem med at Krik er meir konservative enn ho sjølv.

– Eg er tilsett i Den norske kyrkja. Der har me to syn, så det må eg tole, seier ho, og siktar til vedtaket om at det både er rom for å meine at ekteskapet berre er for mann og kvinne, og for eit syn der ekteskapet også er ope for likekjønna par.

– Eg må tole dei konservative, og meiner at då må også dei tole det flagget. Som sagt er det fyrst og fremst eit signal om at her er det ope for mangfald. Dei som meiner regnbogeflagget slik sett er samlande blir ikkje høyrt no, og det er ikkje samlande, seier Juell.

Til sak om hvordan KRIK ikke vil holde arrangement i Iladalen kirke pga Pride-flag.

– Eit sentralt symbol

Husby i Krik skryt av Ila kyrkje og seier dei har vore svært rause som har latt Krik bruke kyrkja gratis i fleire år. Han understrekar at alle er velkomne i Krik.

Generalsekretæren seier han har vore i dialog med kyrkja og at den har vore oppklarande og god.

– Kvifor valde de å flytte på dette tidspunktet?

– Me opplevde at Ila i vår gjorde to kriterium for bruk av kyrkja tydelege. De ynskte at Krik-messene tydelegare skulle gå inn i konseptet «Mer», og at regnbogeflagget er eit sentralt symbol for profilen til kyrkjelyden.

– Diskriminerande å ta ned flagget

– Har de vurdert å ta ned flagget i kyrkjelydssalen, slik at Krik ville halde fram med messene sine i Ila, Juell?

– Nei. Det handlar om at me vil vise våre medlemmar at dette er eit rom for mangfald.

Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion