– Det me har hatt har vore ekte

På den mørkeblå veggen heng det eit bryllaupsbilete. Linda Økland Kinsarvik står med brudebuketten høgt heva over hovudet og hennar ferske ektemann, Håkon, held ho tett inntil seg. Begge har store smil om munnen.

Når dei no tenkjer tilbake på dagen der dei lova å elske og ære kvarandre livet ut, kjenner dei på takksemd. Dei angrar ikkje.

Men i dag, åtte åre seinare, er dei likevel ved enden av reisa som ektefellar.

Tidlegare denne veka gjekk dei ut med nyheita på Facebook: Håkon har funne ut at han er homofil. No har dei bestemt seg for å ta ut separasjon.

Det er eitt år sidan den natta som blei starten på slutten. For Håkon var det midt i sorga ei enorm bør som blei letta av han, då han endeleg fekk delt hemmelegheten han hadde bore på. For Linda raste verda saman.

– Du sa at du var homofil og at du trudde me måtte gå frå kvarandre.

Linda møter blikket til Håkon, før han legg til:

– Også grein me.

Ny stilling som sokneprest

Ein kvit, skinande blank Tesla køyrer inn på parkeringsplassen utanfor Flesland for å plukke opp underteikna. Bilen har vore i Håkon sitt eige i omtrent 24 timar, og dei kvite skinnseta ser skremmande enkle ut å skitne til.

Håkon er i ein overgangsfase, der han framleis har litt presteoppdrag for Meland kyrkjelyd i Nordhordland, sjølv om han eigentleg alt er i gang som sokneprest i Gulen.

Med seg i bilen har han Linda, som akkurat er ferdig med vakta si i heimesjukepleia.

– Kan de ikkje fortelje om korleis de møtte kvarandre?

– Ja, det vil eg gjerne, kjem det med entusiasme frå Håkon.

Dei ser på kvarandre og smiler.

Til sak om prest Håkon og kone Linda Økland Kinsarvik, som skal separeres etter at Håkon har kommet ut av skapet som homofil. Her sitter de i bilen på vei hjem.

Budde i kollektiv

Måten dei starta forholdet sitt kan vel også seiast å ikkje passe heilt inn i konservativ-kristen-malen: med å flytte saman.

Vel å merke i eit kristen-karismatisk kollektiv der målet var å plante kyrkje.

Ganske tidleg tok Håkon initiativ på eit husmøte til å understreke kor viktig det var at ingen i kollektivet involverte seg romantisk med kvarandre.

– Kor innbilsk er han eigentleg?, tenkte Linda, som ikkje såg for seg at det skulle bli eit problem.

Men det skulle ikkje så mange gåturar opp på Fløyen til, før gnistane byrja å fly.

Stormforelska

Då Håkon reiste over Atlanteren på eit cruise han hadde spart og gleda seg til i lang tid, men berre ville heim for å vera med Linda, forstod han at dette var alvor.

Dei blir offisielt eitt par, og i god kristen-konservativ ånd flyttar Linda ut av villaen i Kalfarlien i Bergen.

– Me var stormande forelska. Når eg møtte Linda synest eg det var heilt utruleg at eg kunne møte nokon som er interesserte i kultur og musikk, mat og vin. Ei som er begeistra for livet og tek ting lett, men som samtidig kan gå i djupna. Og som på toppen er glad i Jesus. Me er verkeleg sjelevener, og ein sinnssjukt bra match, seier Håkon.

– Litt irriterande bra, legg han til.

For det legning er trass i alt ein ganske essensiell ting å matche på.

Til sak om prest Håkon og kone Linda Økland Kinsarvik, som skal separeres etter at Håkon har kommet ut av skapet som homofil.

Kom ut av skåpet for andre gong

– Det er viktig å få fram at det me har hatt har vore ekte, fortel Linda.

Dei er begge einige om at dei ikkje ville vore forutan åra dei har hatt saman. Dei har vore fylte av kjærleik, latter og glede, men også tunge tak og vanskelege periodar.

For sjølv om det ikkje var slik her dei såg for seg at livet og samlivet deira skulle bli, så kom ikkje tiltrekkinga Håkon har til det same kjønn heilt ut av det blå.

Faktisk er dette andre gong han kjem ut av skåpet som homofil. Den fyrste gongen var i tenåra.

«Blei fri» frå homofili

Etter kvart tok han eit aktivt val om å bli kristen.

På leir blei dei bedt om å skrive ned synder på bønnelappar som så skulle brennast. På Håkon sine stod det som regel om ei forelsking i den eine eller andre guten.

Seinare hadde Håkon fleire åndelege opplevingar som fekk han til å tenkje at han var «blitt fri» frå å vera homofil.

– Eg kjente at Gud sa at dette ikkje var noko eg skulle leve ut. Og at det berre var kjensler, ikkje ein del av kven eg var.

Det passa godt overeins med forkynninga han høyrde på bedehuset i ungdomstida.

Han har blitt servert mange ulike meiningar og tankar om kva homofili skuldast. At det er demonar, vonde ånder, eller på grunn av opplevingar som har skada seksualiteten eller legninga.

Eg kjente at Gud sa at dette ikkje var noko eg skulle leve ut. Og at det berre var kjensler, ikkje ein del av kven eg var.

—  Håkon Kinsarvik

Gjekk til forbønn

Ei av desse opplevinga blei særleg brutal. På ei bønnehelg hadde han gått til forbønn for å fortelje om kjenslene han kjente på for menn. Då dei litt seinare hadde ein såkalla «bønnetunnel», datt Håkon i bakken.

Han som tidlegare på dagen hadde bedt for Håkon la seg over han, og Håkon kjente at noko knakk i brystet.

Etterpå forklarte mannen at han hadde fått frå Gud at Håkon hadde ei torn i brystet, som han skulle dra ut. Knekkelyden blei berre ei forsterking av denne forteljinga.

Etterpå viste seg at det var to ribbein som knakk, og Håkon enda opp med å få lungebetennelse.

Der og då tenkte Håkon at han hadde blitt fri frå homofile tankar og kjensler.

– Men eg tenkte også at det at han som var ei så svær type var litt dum som tenkte at det var ein god idé å leggje heile kroppsvekta på meg.

I dag ler han litt av det. Han kallar det som skjedde «heilt sjukt», men understrekar samstundes at det ikkje er det som «har skada meg for livet».

Eit vanskeleg dilemma for ein prest

Men denne typen opplevingar har gjort at Håkon har kjent på å stå i ein spagat.

Når han har møtt skeive menneske, eller kanskje ungdom som er usikre på legninga si, så har han kjent på ein tvil om det er rett å fortelje dei om Jesus.

– Vil eg eigentleg at desse skal koma inn i eit fellesskap der dei risikerer å øydeleggje livet sitt? Vil eg at den konfirmanten som er usikker på seg sjølv skal vera ein del av eit ungdomsmiljø der han får same krise og kamp som eg har stått i?

Nei, har han tidlegare landa på. Det blir eit vanskeleg dilemma for ein prest.

– Då blir eigentleg ikkje evangeliet ein god nyheit lenger.

Til sak om prest Håkon og kone Linda Økland Kinsarvik, som skal separeres etter at Håkon har kommet ut av skapet som homofil.

Krevjande å lande i legninga

Men det er også ei anna tung balast i livet til Håkon som har gjort det krevjande å lande i legninga si.

Han fortel om overgrep i barndommen, utført av ein mann. Dette bar han på heilt aleine i mange, mange år, før han delte det med ein sjelesørgjar, og etter kvart også i terapi.

Håkon fortel at han også har hatt gode opplevingar med å dele erfaringane sine i kristne samanhengar. Spesielt har ei setning sagt til han i sjelesorg bite seg fast: «Uansett kven du er, Håkon, så er du elska av Gud».

Men tankane om at tiltrekkinga mot menn kom som resultat av overgrepstrauma han bar på, gjorde vegen fram til å innsjå at han var homofil lang og kronglete.

Han hugsar ein AHA-augneblink i eit møte med terapeuten sin, då ho spurte rett ut:

«Du er ikkje berre homofil, då, Håkon?»

– Eg blei veldig provosert. Eg tenkte ikkje at eg skulle bli utfordra på det. Men det sette i gang ein prosess hjå meg.

Ville ikkje seie noko før han sjølv var sikker

Sjølv om Linda og Håkon har vore opne med kvarandre om mykje blei dette starten på ein lengre periode der han ikkje sleppte ho inn. Han ville ikkje seie noko før han sjølv var sikker.

Og medan Håkon sjølv hadde tenkt at det var traume som låg til grunn for tiltrekkinga mot menn, hadde Linda lenge hatt sin eigen teori.

– Altså, eg har alltid tenkt at Håkon er bifil. Ja, fram til no då, legg ho til og ler hjarteleg.

Dette trass i at han sjølv, særskilt i starten av forholdet, var veldig oppteken av å presisere at han var heterofil.

– Du har alltid vore eit veldig raust menneske, er Håkon sin respons.

– Eg har tenkt at det ikkje gjer noko at han er bifil, for eg veit at han elskar meg. Alle menneske kan bli forelska i nokon andre, men det handlar om å gå for kvarandre likevel, forklarar Linda.

– Eller, det er slik eg har tenkt på det, i alle fall.

Til sak om prest Håkon og kone Linda Økland Kinsarvik, som skal separeres etter at Håkon har kommet ut av skapet som homofil.

Gjekk på helsa laus

At dei to framleis er glade i kvarandre er ikkje til å unngå å leggje merke til. Det er mykje latter, og begge påpeikar kor moro dei har hatt det ilag.

Men å kjenne at ein så sentral del av ekteskapet ikkje er på plass gjer det for vanskeleg å halde fram.

For Håkon gjekk det etter kvart på helsa laus. På det verste mista han lysten til å leve.

– Det å heile tida avvise den du er mest glad i, både i ting du gjer og måten du oppfører deg på…

Han tek ei pause og held fram:

– Du blir heilt stressa i kroppen. Også skal ein liksom leve i det? Det er eit helvete, for å seie det rett ut.

Eg har visst at det ho treng er nærleik, men så greier eg ikkje å gje henne det på ein ektefølt måte.

—  Håkon Kinsarvik

Han trur nesten det hadde vore enklare å leve slik saman om det ikkje var for at han er så frykteleg glad i Linda. Å kjenne at han sårar og skuffar henne har vore smertefullt.

– Eg har visst at det ho treng er nærleik, men så greier eg ikkje å gje henne det på ein ektefølt måte. Eg har gått ut, kikka ned i telefonen eller gjort kva som helst for å unngå det.

Håkon påpeikar at det ikkje berre handlar om det seksuelle.

– Det er berre ein liten del av det. Det er mykje meir komplekst.

Han forklarar at det ikkje alltid har falt han naturleg å prioritere Linda, eller å sleppe henne heilt inn.

– Midt oppi alt som er fint, har me også bryte kvarandre ned.

Var mykje uroa

For Linda har det vore vanskeleg å sjå at ektemannen har hatt det tungt i periodar. Ho var vore mykje uroa for han.

No er det fleire brikker som har falle på plass.

Ho hugsar godt ein gong Håkon hadde blitt veldig inspirert av ei tale av Justin Welby, erkebiskop av Canterbury. Han hadde snakka om kor viktig det er å vera heilt ærleg når ein ber til Gud.

– Han la det fram som noko livsforvandlande. Medan eg berre tenkte: hæ? Har du ikkje vore ærleg med Gud før?

No gjev det meining at det har vore vanskeleg for ektemannen å vera ærleg i bøn, viss han ikkje ein gong har vore ærleg med seg sjølv.

Trua har vore viktig

Ekteparet legg ikkje skjul på at det siste året har vore vanskeleg. Men trua har vore viktig for begge.

– Eg har kjent på at Gud har vore veldig nær. Det er vel ofte slik når ein har det veldig tøft, trur Linda.

Til sak om prest Håkon og kone Linda Økland Kinsarvik, som skal separeres etter at Håkon har kommet ut av skapet som homofil. Linda Økland Kinsarvik i leiligheten hun delte tidligere med Håkon.

Også Håkon har kjent på ei støtte i trua si. Og prosessen med å lande i legninga si har ført til ein nyfunnen glød i truslivet, og eit frimot på vegner av evangeliet.

Han er ikkje lenger i tvil om det er rett å invitere inn menneske i kyrkja han jobbar i, uavhengig av kven dei blir forelska i.

Presten er glad for at det er Den norske kyrkja han høyrer til, og han fortel at han har blitt møtt på ein god måte av både tidlegare og nye kollegaar.

Sjølv har Håkon nok før tilhøyrt den meir konservative fløya i folkekyrkja, men no reknar han seg som midt i sentrum.

Nokon rår meg til å bli i ekteskapet, og meiner eg no har erstatta Bibelen som rettesnor med mine eigne behov. Og eg har sjølv tilbake i tid forfekta den typen teologi.

—  Håkon Kinsarvik

Stygge kommentarfelt

Når Vårt Land møter ekteparet er det tre dagar sidan dei la ut eit innlegg på Facebook der dei forklarte situasjonen sin. I starten håpa dei at jungeltelegrafen skulle vera effektiv nok, men såg seg etter kvart nøydt til å gå ut på sosiale medier. Å måtte forklare ein så tung og komplisert historie til eitt og eitt menneske dei møtte på blei for krevjande.

Fleire hundre har reagert, kommentert, og sendt meldingar. Og innlegget har verkeleg nådd pressa. Alt frå lokalavisa til Dagen, VG og NRK har vore i kontakt.

– Korleis synest du det er å sjå din eigen historie bli publisert i media?

– Det er rart, det er det.

Håkon tenkjer seg om, før eitt litt skyldig smil brer seg forsiktig over munnen.

– Men eg kan ikkje lyge. Det er litt spanande også. I tillegg har eg tenkt at presterolla bør vera meir offentleg. Så då kjennest dette rett å gjera.

For Linda er det meir krevjande. Men ho føler ho skuldar Håkon å stille opp.

– Også må eg sørgje for at han ikkje seier noko feil, seier ho med eit lite smil.

For begge to har også ein viktig motivasjon vore å hjelpe andre, og å kunne vera eit førebilete når det kjem til å snakke sant om livet.

Linda er litt uroa for kommentarfelta, som fort kan bli stygge. Men Håkon tek det heile med ro, og seier han nesten synest det er litt underhaldande å lesa det som har kome til no.

Til sak om prest Håkon og kone Linda Økland Kinsarvik, som skal separeres etter at Håkon har kommet ut av skapet som homofil. Håkon Kinsarvik blir her intervjuet av avisa Nordhordaland.

Provosert av alle meldingane

Han er den som har fått absolutt mest tilbakemeldingar direkte i sin eigen innboks.

Linda blir provosert av alle meldingane Håkon har fått av konservative som krev eit svar på om han har tenkt å leve einsleg resten av livet, og om han framleis tenkjer at likekjønna samliv er mot det som står i Bibelen.

– Nokon rår meg til å bli i ekteskapet, og meiner eg no har erstatta Bibelen som rettesnor med mine eigne behov. Og eg har sjølv tilbake i tid forfekta den typen teologi.

Håkon orkar ikkje å bruke krefter på å skamme seg over det. Han skulle gjerne hatt det ugjort, men han får uansett ikkje endra fortida.

Presten har hatt mange gåturar med Det trofaste samlivet av Terje Hegertun som lydbok på øyret. Det er mykje der som Håkon kan vera einig i.

Grunntanken til pinseprofessoren er at ein kan koma fram til samlivsteologi som er gyldig, uavhengig av seksuell legning. At det mest avgjerande punktet handlar om å leve i forpliktande, trufaste samliv.

For både Linda og Håkon er tanken på ein eventuell ny partnar fjern. Dei har nok med situasjonen dei no står i.

– Finn eg ein som eg har lyst å dele livet mitt med vil eg sikkert gifte meg med han, men det er ein veldig rar tanke per no, seier Håkon.