Religion

Kristentru og klåre ordrar

ATTANDE SØNDAG I TREEININGSTIDA: I denne delen av evangeliet er Jesus på toppen av popularitetsbølgja. Ikkje berre bed store flokkar om hjelp og lækjedom – dei ser nesten ut til å forvente det.

Då Jesus gjekk inn i Kapernaum, kom det ein offiser til han og bad om hjelp: «Herre», sa han, «tenesteguten min ligg lam heime og har svære plager.» Jesus sa: «Eg skal koma og lækja han.» «Herre», svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du kjem inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt. For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til éin: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han, og til slaven min: ‘Gjer dette!’ så gjer han det.»

Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som følgde han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ikkje hos nokon i Israel har eg funne slik ei tru. Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket. Men borna av riket skal kastast ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.» Og Jesus sa til offiseren: «Gå! Det skal skje, slik du trudde.» Og tenesteguten vart frisk i same stunda.

Matt 8,5–13

Tekstblikk: Kristentru og klåre ordrar

Hans Johan Sagrusten, teolog, prest, bibelomsetjar og forfattar

Sagrusten

Kapittel 8 i Matteusevangeliet inneheld mange ordrar. Jesus seier «Bli rein!» til ein mann som er spedalsk (vers 3), han driv ut vonde ånder i Kapernaum (vers 16), han trugar vinden og sjøen til å bli stille (vers 26), og han gjev ordren «Far av stad!» til åndene som hadde innteke ein griseflokk (vers 32).

Også dagens tekst handlar om ordrar. «Sei berre eit ord», seier den romerske offiseren som kjem til Jesus. Han kjem for å be om hjelp for tenesteguten sin.

Så følgjer ei fascinerande skildring av korleis systemet med rang og ordrar fungerte innanfor den romerske hæren: «Seier eg til éin: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han,» seier offiseren. I den greske teksta står verba i imperativ. Dei er klåre og tydelege ordrar.

Offiseren ser ut til å forvente at det same systemet med rang og klåre ordrar eksisterer i den åndelege verda – og at det fungerer like effektivt som i den romerske hæren. Har han kanskje høyrt Jesus gje liknande ordrar i samband med sjukdom? Har han fått med seg at Jesus sa «Bli rein!» til den sjuke? Kan det vera slike erfaringar som ligg bak når han seier: «Sei berre eit ord»?

I denne delen av evangeliet er Jesus på toppen av popularitetsbølgja. Alle dei fire evangelia skildrar at folk kjem til han i store flokkar. Ikkje berre bed dei om hjelp og lækjedom – dei ser nesten ut til å forvente det.

Seinare i evangelia kjem eit omskifte der Jesus trekkjer seg meir attende frå folk, og han spør læresveinane sine: «Kven seier de at eg er?» (Matt 16,15). Og mot slutten av evangelia ser vi at dei store folkemengdene vender seg imot han.

Lesaren vil med andre ord finne fleire måtar å nærme seg Jesus på i tekstene. Den urikkande trua til den romerske offiseren er éin måte å nærme seg Jesus på.

Andre menneske i tekstene kjem til han på heilt andre måtar, slik som kvinna som rørte ved kappa hans (Matt 9,20). Likevel ser ein at Jesus rosar dei som kjem til han med bøn om hjelp.

Prekenblikk: Overfor døden er hendene tomme

Ingrid Brækken Melve, teolog, salmedikter og forfatter

.

Offiseren har myndighet over alle under ham. Men overfor sykdom har han tomme hender, døden lyder ikke hans ordre. Si bare ett ord, er hans enkle bønn til Jesus.

Men to tusen år etter Jesu tid, er det å snakke om tro og helbredelse mer komplisert. Det er alt annet enn riktig når konkrete bønnesvar brukes som bevis på en sterkere tro enn andres. Da blir fokuset på hvordan man tror, ikke hvem man tror på.

Både på grunn av disse fallgruvene, det potensielle maktmisbruket, og fordi vi i vårt hjørne av verden lever i et paradigme som sjelden har rom for under og mirakler, tror jeg mange vegrer seg for å forkynne om Jesus helbrederen. Det er mye enklere å be om diffuse saker som endret sinnelag, holdninger og følelser.

Men overfor liv og død er våre hender like tomme som offiserens. Da hjelper ikke gode holdninger. Og selv troen på det største underet, Jesu oppstandelse, kan bli noe diffust og fjernt som blåfargen på himmelen, om vi ikke også våger å be fra dypet av oss selv, for våre egne liv eller dem vi er glad i, i de stundene vi er helt avmektige. Kanskje skjer det ingenting, kanskje blir vi bønnhørt på måter vi ikke selv forstår.

Og kanskje kan under ennå skje.

---

Bibelbetraktninger

  • Hver onsdag får du bibelbetraktninger for helga. De er skrevet ut fra søndagens tekster, hentet fra tekstrekkene som blant annet Den norske kirke bruker. Iblant er den gammeltestamentlige teksten i fokus.
  • Tekstblikket gir fagkunnskap om bibelteksten, og er skrevet av en bibelviter. Prekenblikket angir noen punkter til inspirasjon for forkynnelse over teksten.
  • Våre skribenter er: Ellen Aasland Reinertsen, Hans Johan Sagrusten, Hilde Brekke Møller, Marianne Bjelland Kartzow, Håkon Sunde Pedersen, Ole Jakob Filtvedt, Karl Olav Sandnes, Ingunn Aadland, Ingrid Melve, Lena Stordalen og Åste Dokka.

---

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion