Religion

Jonas og Anna vil ikkje ha barn. Dei kjenner seg kalla til noko anna

BARNLAUSE: Ekteparet har blitt fortalt at det er ei kristen plikt å få barn. Sjølve meiner dei at å ikkje ha barn gjev dei meir tid og krefter til å gjera ting Gud har lagt på hjartet deira. Som å plante ei pinsekyrkje.

– Barnlaus. Det høyrest så brutalt ut.

Det er nesten som om Jonas Egeberg Krogh smakar på ordet, der han sit i lenestolen heime i stova si.

– Å vera barnlaus forbind ein med noko trist, meiner han.

Og det er det for mange. Men ikkje for Jonas og kona Anna.

Dei er nemleg frivillig barnlause, og har sjølve tatt eit val om at det i deira kjernefamilie berre skal vera dei to.

Sex utan forplanting

I 2019 nytta statsminister Erna Solberg nyttårstala til å oppmode nordmenn til å få fleire barn. Talet på kor mange barn det blir født per kvinne i Noreg har gått jamt og trutt ned dei siste ti åra, med eit lite unntak for pandemiåret 2021. I fjor låg det på 1,4.

Seinast i sommar gjekk finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) ut og oppmoda nordmenn om å få fleire barn.

Jonas og Anna Egeberg Krogh er frivillig barnløse. Fotografert i deres hjem i Gamlebyen, Fredrikstad.

Også i ein del kristne samanhengar er det stort fokus på familieliv.

For Anna og Jonas er det viktigaste i livet å leve slik dei trur Jesus vil at dei skal leve. Dei er i starten av 30-åra, går i ei pinsekyrkje og har vore gift i fem år.

Eg har vore redd for at eg går mot det Gud vil for livet mitt. Lever me i konstant synd ved å ikkje ville ha barn?

—  Anna Egeberg Krogh

Ei kristen plikt å få barn

Dei har invitert heim til leilegheita si i eit sjarmerande trehus i gamlebyen i Fredrikstad.

Planter og bruktfunn fyller dei fleste flater, og haustsola dansar i små flekkar på tak og vegger, via ei diskokule som heng i glaskarmen.

– Eg har vore redd for at eg går mot det Gud vil for livet mitt. Lever me i konstant synd ved å ikkje ville ha barn? Eg har måtte gått nokon rundar med det, fortel Anna.

Det er også noko dei to har fått høyre frå andre. Éi nær dei fortalde at ho meinte det å bli forelder var ein del av det å vera kristen, og ikkje var valfritt, sidan det står i Bibelen at menneske skal vera fruktbare, bli mange og fylle jorda.

Jonas og Anna Egeberg Krogh er frivillig barnløse. Fotografert i deres hjem i Gamlebyen, Fredrikstad. På stuegulvet ligger en rangle.

– Men eg trur det kom frå ein plass der ho sjølv hadde kjent på gledene ved å ha barn og barnebarn, og er redd for at me skal gå glipp av noko fint, meiner Jonas.

Mange har delt ei liknande uro med ekteparet:

Kan dei koma til å angre?

Dei veit ikkje kva dei går glipp av.

Å få barn på autopilot

Ingen av dei hadde tenkt over at dei ikkje ville ha barn før dei gifta seg. Fyrst då spørsmålet om prevensjon kom opp, kom dei fyrste hinta.

– Tenk viss eg blir gravid no, det går ikkje, hugsar Jonas at Anna sa nokre dagar før bryllupsnatta.

Dei snakka om at det frista å trippelsikre seg mot graviditet.

– Eg orka ikkje tanken på å skulle ta vare på eit anna menneske på det tidspunktet, seier Anna.

Men samtala enda der.

– Eg hadde tenkt at eg kom til å få barn, fordi alle får barn, fortel Anna.

Jonas hadde kjent på det same. Det var ikkje før ei stund etter at dei gifta seg at han innsåg at det gjekk an å velje annleis:

– Er det ikkje berre slik at du skal gifte deg, også skal du få barn? Det er ein blitt fortalt at er meininga med livet. Finst det eit alternativ?

Har møtt foreldre som angrar på at dei ikkje tok praten

Utanfor stovevindauget, på andre sidan av gata, ligg ein stor leikeplass. Når ei heil skuleklasse med høglydte barn gjer sitt inntog, kjenner ekteparet på ein ekstra ro i valet om å bli verande barnlause.

Jonas og Anna Egeberg Krogh er frivillig barnløse. Fotografert i deres hjem i Gamlebyen, Fredrikstad.

Etter å ha snakka med vener og familie om livsvalet sitt, og kanskje spesielt etter at Jonas for nokre veker sidan fortalde om det i podkasten Bak Fasaden, har dei forstått at dei ikkje er aleine i å ha tenkt at det er sjølvsagt at ein får barn.

No håpar dei fleire tek ein grundig runde der ein snakkar om kva ein ynskjer å bruke livet sitt på, og kva som er rett val for seg og sin partnar.

– Eg vil ikkje gje inntrykk av at eg ikkje rår folk til å få barn i det heile. Eg trur det å få barn er det nærmaste mennesket kan koma å sjå farsrelasjonen Gud har til oss menneske. Det er eit bilete på å elske nokon som ikkje fortener det, som ikkje har ein nytteverdi. Det er ein kjærleik utan vilkår.

Likevel trur dei båe at det er sunt å tenkje gjennom valet før ein står der, midt i vakenetter og bleieskift.

Dei har sjølv snakka med foreldre som trur dei ville valt annleis, hadde dei tatt den praten.

Sterilisering og kalde føtar

Paret bruka tid på avgjersla. Etter tre år som gift landa Jonas på å sterilisere seg. Éin time før inngrepet tikka det inn ei melding til Anna. Det var svigermor.

Var ho heilt sikker på dette?

Også Jonas hadde gjort det heilt tydeleg. Om Anna fekk kalde føtar, kunne ho når som helst seie ifrå, og han ville avbryte.

– Sjølv om eg alt låg på operasjonsbordet.

Men Anna ombestemte seg ikkje.

Jonas og Anna Egeberg Krogh er frivillig barnløse. Fotografert i deres hjem i Gamlebyen, Fredrikstad.

Bipolar liding og arveleg sjukdom

For familien Egeberg Krogh er det mange, samansette grunnar som gjorde at dei landa på nei til å få eigne barn.

Éin av dei er at Jonas har diagnosen bipolar liding type 2. Denne varianten har ikkje dei skyhøge toppane og botnane i form av mani og depresjon som den meir kjente variant 1 har, men den påverkar energinivå og korleis Jonas har det mentalt.

Eg trur det å få barn er det nærmaste mennesket kan koma å sjå farsrelasjonen Gud har til oss menneske

—  Jonas Egeberg Krogh

Og noko av det som påverkar helsa til Jonas aller mest er kor mykje søvn han får.

– Viss det var den einaste grunnen, ville det ikkje stoppa oss frå å få barn. Men det ville ført til at Anna måtte dratt ein større del av lasset.

At han potensielt kunne ført vidare den arvelege sjukdommen har også vore innom tankane.

Kalla til eit anna liv

Men den viktigaste årsaka til at dei har tatt valet handlar om noko anna:

– Det er ikkje eit val me har tatt for å realisere oss sjølve. Hovudgrunnen er kva me kjenner at Gud har sett oss på denne kloden for å gjera.

– Som er?

– Å elske menneske.

Jonas og Anna er travle menneske. Jonas er medeigar i eit marknadsføringsbyrå, og Anna jobbar som prosjektleiar. Men det dei brenn aller mest for skjer utanfor arbeidstida.

Jonas og Anna Egeberg Krogh er frivillig barnløse. Fotografert i deres hjem i Gamlebyen, Fredrikstad.

Båe brukar mykje tid og frivillig innsats i pinsekyrkja C3 i Fredrikstad. Nyleg har dei også sett i gang med ei kyrkjeplanting i Oslo.

Jonas stikk nesten umerkeleg eitt visittkort i neven på underteikna, QR-koden fører til ei nettside med informasjon om C3, som ifylgje nettsida har 500 kyrkjer i 64 land.

– Fleire som har vore med i plantinga som har barn har måtte trekt seg, fordi det er vanskeleg å kombinere, fortel Jonas.

Han trur ikkje det er tilfeldig at han og kona kjenner seg kalla til ei rekkje ting som det er praktisk å kombinere med eit barnlaust liv, og at dei ikkje kjenner på ein ibuande lyst til å få barn.

For når Jonas har snakka med kompisar, har han ikkje kjent seg att i tankar dei har delt om ein trong til å føre slekta vidare, at akkurat deira DNA skal leve vidare.

Heller ikkje Anna kjenner på dette biologisk styrte ynsket om å bli mor, som så mange snakkar om.

– Det er ganske praktisk, synest Jonas.

– Me elskar barn

I tillegg til engasjementet i kyrkja er dei opptekne av å ha ein open heim. Det enkle middagsbordet i furu skal vera ein samlingsplass der folk kan koma, uansett korleis dei har det.

– Me kan gje folk vår udelte merksemd, sidan me ikkje alltid må ta oss av eigne barn. Me vil at folk skal kjenne seg sett og høyrt hjå oss, og at dei skal kjenne at «her er Gud til stades», seier Jonas.

Jonas og Anna Egeberg Krogh er frivillig barnløse. Fotografert i deres hjem i Gamlebyen, Fredrikstad.

Det same er ein fordel i møte med barn, fortel Anna. Til saman har dei sju nieser. I tillegg er dei «onkel og tante til alle barna i kyrkja».

– Me elskar barn, verkeleg.

Dei har fleire tett på i livet sitt som har slite med fertilitet og som har vore eller er ufrivillig barnlause.

– Det får ein til å tenkje; viss meininga med livet verkeleg er å få barn, kva då med alle dei som endar opp med ikkje å få barn? Som kristne trur me at me er her på jorda av ein grunn, for kvarandre, uavhengig av om me får barn eller ikkje, seier Jonas.

Opne for at Gud kan ombestemme seg

Begge to brukte tid på Bibelen då tanken om å ikkje få barn meldte seg. Dei enda opp med at livsvalet deira ikkje er i strid med noko dei finn der. Og bibelverset om at ein skal fylle jorda og bli mange, det trur dei ikkje treng å bety at ein må setje eigne barn til verda.

– Viss me ombestemmer oss ein dag, så er det uansett minst like interessant for oss å ta vare på eit barn som treng ein god heim og trygge rammer, enten på avlasting eller som fosterheim, seier Jonas.

Og Anna legg til:

– Me har bedt mykje, og kjenner på ein fred for at me ikkje skal få barn. Me har tulla med at viss Gud ombestemmer seg, og plutseleg vil at me skal få barn, så fiksar han nok det.

Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion