Religion

2 av 5 bispekandidatar svara nei på påstanden: «Eg ynskjer at alle skal bli kristne»

DEN NORSKE KYRKJA: Onsdag hadde ein høve til å bli betre kjent med dei fem bispekandidatane i Oslo. Mykje samla dei, men forskjellar kom også fram.

– Rekk opp handa viss de er einige i påstanden: «Eg ynskjer at alle skal bli kristne», beordrar ordstyrar og avdelingsdirektør i Kyrkjerådet Jan Christian Kielland.

Tre hender går i været. To personar held begge nevane liggjande i fanget.

Det er onsdag kveld i domkyrkja i Oslo og rundt 50 frammøtte, pluss sjåarar på skjerm, skal bli betre kjent med dei fem bispekandidatane på scenen.

I desember skal nemleg Kyrkjerådet i Den norske kyrkja (DNK) tilsetje ny hovudstadsbiskop, og éin av dei fem skal ta over stafettpinnen etter Kari Veiteberg.

Gylver: – Hypotetisk spørsmål

Dei fem kandidatane er:

  • Sturla Stålsett (60), professor ved MF vitenskapelig høyskole
  • Stephanie Dietrich (58), professor ved VID vitenskapelige høgskole
  • Sunniva Gylver (57), sokneprest i Fagerborg kyrkjelyd
  • Espen Andreas Hasle (51), prost i Nordre follo
  • Ingeborg Sommer (51), prost i Bærum

Stålsett og Gylver er dei som ikkje rekkjer opp handa. Gylver er tydeleg misnøgd med premissen, og seier ho ikkje likar den typen ja-og-nei-spørsmål.

DEN NORSKE KYRKJA: Onsdag hadde ein høve til å bli betre kjent med dei fem bispekandidatane i Oslo

Ho utdjupar til Vårt Land etterpå:

– Eg synest heile spørsmålet blir så hypotetisk. Eg har levd godt med og elska menneske med ei anna tru og livssyn enn mi eiga, store delar av livet. Alle blir ikkje kristne, og i formuleringa synest eg ein gjer menneske til objekt for evangelisering: Eg skal få andre til å bli kristne, og det er min jobb.

Gylver seier mange ikkje forstår korleis ho kunne vera gift med ein mann som ikkje var kristen, men sjølv er ho ikkje så oppteken av å plassere folk innanfor og utanfor boksar.

Ho kunne godt tenkt seg heller å bli spurt om ho som biskop vil bidra til å utruste menneske i kyrkja til frimodig å dela eiga tru, forkynne nåde og omvending og peike på Jesus på krossen og oppstoda.

– Ja, ville eg absolutt svart på det. Eg vil at me skal formidle evangeliet i tru og handling så truverdig me berre kan, men så er resten opp til Gud. Det etterpå er ei sak mellom Gud og den enkelte.

Ho meiner kristne må vera frimodige, men også audmjuke, særskilt med tanke på historia kyrkja har med å presse kristen tru på menneske, og at ein må ha med seg eit maktkritisk perspektiv.

Stålsett om kristen merkelapp

Stålsett var den andre som ikkje rekte opp handa. Han forklarar kvifor til Vårt Land:

– Fordi merkelappen kristen blir av mange høyrt som ein særskilt måte å vera i livet på. Ei sosiologisk gruppe. Eg ynskjer at alle skal kjenne seg elska og tatt vare på. Eg trur det er det evangeliet handlar om. Og i respekt for menneske som høyrer til andre trusretningar, så ynskjer eg at dei skal kjenne att det eg kjenner att i den kristne trua, også har eg håp til Gud om at det blir varetatt.

Stålsett seier Gud er kjelda til den grunnleggjande lengten mennesket har etter å bli elska og tatt vare på. Men han ser det ikkje som naturleg å ynskje at alle han møter skal ha eller merkelappen kristen.

– Det betyr ikkje at evangeliet slik eg oppfattar det ikkje er ein bodskap til alle menneske. Eg trur det er godt for alle menneske.

DEN NORSKE KYRKJA: Onsdag hadde ein høve til å bli betre kjent med dei fem bispekandidatane i Oslo

Ikkje-religiøse gravferder i kyrkja?

Hasle forklarte frå scenen kvifor han rekte opp handa:

– Eg tenkjer at kristen tru er sann og god for menneske. Det står ikkje i motsetnad til å møte andre menneske med respekt. Me har fått sjå kven Gud er gjennom Jesus Kristus, og det er vår oppgåve å dela med verda. Og eg trur det er eit godt liv å leve som etterfølgjar av Jesus.

Det var også tid til andre tema under presentasjonen i domkyrkja.

Mellom anna misjon, livssynsmangfald, liturgi og bruk av kyrkjerommet til ikkje-kristne seremoniar.

I dag er det ikkje lov å låne ut kyrkjer til ikkje-kristne gravferdsseremoniar. Då Kielland bad dei som ville halde på regelen om å rekke opp handa, var det berre Stålsett som sat med begge hendene i fanget.

Stephanie Dietrich var klokkeklar:

– Lat kyrkja vera kyrkje. I Oslo bispedøme har me mange rom som ikkje er vigsla. Skal me dekkje over Jesus på krossen? Me må halde fast på den kristne eigenarten til kyrkjerommet.

I staden vil ho at samfunnet skal leggje til rette for at folk med andre livssyn kan få eigne seremonirom.

DEN NORSKE KYRKJA: Onsdag hadde ein høve til å bli betre kjent med dei fem bispekandidatane i Oslo

Stålsett tok derimot til orde for å kikke på dagens regelverk, og peika på at DNK har mange fleire seremonirom enn andre livssyn og trusretningar.

– Lat oss tenkje gjennom kva det betyr når andre treng verdige rammer rundt si gravferd. Me har ein gjestfri gud, og kyrkjerommet er Gud sitt rom. Me er også gjester der, sa Stålsett.

Open for fleire gravferdsliturgiar

Tidlegare i år vedtok Kyrkjerådet å revidere gravferdsliturgien. I forbindelse med saka kom det fram at mange pårørande spør etter ein «mindre kristen» eller «ikkje så religiøs seremoni».

Under samtala sa Stålsett at han var open for å undersøkje om det går an å utforme fleire variantar av gravferdsliturgien.

– Det er viktig å ta vare på dei behova pårørande har i møte med døden, understrekar han til Vårt Land.

– Er du open for å tone ned ein del av dei meir eksplisitte kristne ledda som kan verke uvande for ein del menneske i dag?

– Eg trur det er viktig å seie at det er ei kristen gravferd, men at den kan utformast på ulike måtar. Me må sørgje for at menneske ikkje opplever at dei blir framandgjort gjennom språket eller bodskapen me kjem med i den situasjonen, samstundes som me er frimodige i å formidle at evangeliet gjev trøyst og håp i møte med døden.

Ingeborg Sommer har forska på kyrkjelege gravferder, og ho seier det her kom fram at sjølv om mange pårørande i forkant av gravferda frykta fokus på fortaping, så gjekk dei ut av gravferda med ei kjensle av å bli romma og bore av det som skjedde i kyrkja.

DEN NORSKE KYRKJA: Onsdag hadde ein høve til å bli betre kjent med dei fem bispekandidatane i Oslo

– Me må passe oss for å ikkje tømme gravferdene for innhald, meiner Sommer.

---

Bispenominasjon i Den norske kyrkja

  • Alle kan foreslå kandidatar til ny biskop.
  • Bispedømerådet nominerer fem kandidatar.
  • Kyrkjerådet gjev ein frist for å stille supplerande kandidatar.
  • Dei nominerte kandidatane blir presenterte.
  • Alle som har stemmerett stemmer.
  • Det blir gjort offentleg kva tre kandidatar som har fått flest stemmer.
  • Biskopar og bispedømeråd uttalar seg.
  • Kyrkjerådet tilset ny biskop.

---

Snart går startskotet for å stemme på kva tre bispekandidatar som skal vera med til neste runde.

Kyrkjerådet skal tilsetje ny biskop på møtet sitt 5. desember, og presentere den nye biskopen i Oslo domkyrkje 6. desember.

Hasle håpar kveldens samtale kan vera til nytte.

– Me er einige i mykje av det sentrale, men det kom i alle fram nokre nyansar, seier han.



Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion