Sidan 1700-talet har det vore forbode for katolikkar å vera med i frimurarlosjar.
Men i Noreg er fleire katolikkar med i Den norske frimurarordenen. Det stadfester ordenen til Vårt Land. Medlemsregisteret inneheldt også namnet på fleire katolske prestar.
Det tek biskop Bernt Eidsvig med stor ro.
– Eg er ikkje redd for frimurarordenen. Eg meiner katolske medlemmer får finna ut av det sjølve om dei vil vera frimurarar. Prestane vil eg ha kontroll over, dei bør gje beskjed.
Mange katolikkar har fordommar mot frimurarar.
— Biskop Bernt Eidsvig
Pave sette ned foten i 1738
I 1738 kom Pave Klemens XII med ein bulle – eit paveleg skriv – som forbyr katolikkar å vera frimurarar. Denne vart seinare stadfesta av fleire pavar.
I 1983 følgde Kongregasjonen for truslæra opp med ei erklæring om at medlemskap i frimurarlosjar «blir verande forbode av kyrkja», og at katolikkar som melder seg inn «er i ein tilstand av alvorleg synd og kan ikkje ta imot nattverd».
– Eg les denne teksten med ei viss forundring. Eg vil ikkje ta til orde for å nekta nattverd til frimurarar, seier Bernt Eidsvig.
I 2023 stadfesta Vatikanet frimurar-forbudet, i eit skriv som la vekt på eit manglande samsvar mellom katolsk doktrine og frimurariet. Pave Frans signerte dette skrivet, melder Reuters.
Som biskop i Oslo katolske bispedømme, har Bernt Eidsvig ansvar for Den katolske kyrkja i det sørlege Noreg.
Han meiner mange katolikkar ikkje ser skilnadar mellom ulike frimurar-tradisjonar.
– Mange katolikkar har fordommar mot frimurarar. Det kjem av korleis frimureriet fungerer i land som Frankrike og Italia. Der er frimureriet både anti-katolsk og ateistisk.
Norske frimurarar må vedkjenna seg kristen tru
Den norske frimurarordenen er del av eit nordisk fellesskap under det sokalla Svenske Systemet.
Det Svenske Systemet gjer at nordiske frimurarlosjar har eit tydlegare kristent preg enn i andre land. Alle medlemmer må vedkjenna seg si kristne tru. I andre land heldt det å vedkjenna seg til å tru på eit høgare vesen.
– Norske frimurarar er langt meir venleg innstilt til kyrkja enn frimurarar elles i Europa, seier Bernt Eidsvig.
I august takkar han av, etter 20 år som Oslo-biskop. Fredrik Hansen tek over.
– Vil oppmoda etterfølgjaren din om å ta tak i forholdet til katolske frimurarar?
– Det må han nok. Men han må finna ut sjølv kva linje han vil føra, seier Eidsvig.
Eg kjende ein del katolikkar som var frimurarar før eg sjølv vart medlem.
— Aage Hauken, katolsk prest og frimurar
Liste med 78 frimurar-prestar
Vårt Land har fått ei oversikt over frimurarprestar i Den norske frimurarordenen. Dette er menn som er med i Frimurarordenens eksklusive presteskap – Clericiet – der ein må ha nådd minst åttande grad.
Medlemmene i Clericiet er ordinerte prestar frå ulike kyrkjelydar, både i og utanfor Den norske kyrkja.
Oversikta har 78 namn. Tre av desse er menn som er eller har vore ordinerte katolske prestar.
Ein av desse er Aage Hauken – katolsk prest, teolog, organist og forfattar. Han seier til Vårt Land at han har vore frimurar i rundt 20 år.
– Eg kjende ein del katolikkar som var frimurarar før eg sjølv vart medlem. Dei var tydelege på at dette var ein organisasjon med eit djupt kristent fundament, det var avgjerande for meg.
Seier mafia har infiltrert losjar i Italia
Aage Hauken bur på Voss, der han har vore kapellan for Franciskussøstrene på Voss.
– På ein liten stad som Voss er frimurar-medlemskap eit hjarteleg velkoment tilskot. Ein kjem inn i ein broderskap som er til hjelp og støtte.
I likskap med biskop Eidsvik peiker han på skilnadane mellom skandinaviske og kontinentale frimurarlosjar.
– Det er synd at frimurariet er så antikyrkjeleg og kriminelt belasta i andre land. I Italia har frimurarlosjar blitt infiltrert av mafiaen, noko som er ein viktig grunn til at paven har lagt ned forbod.
Aage Hauken seier det tidlegare har vore forsøk på å forsone den katolske kyrkja med frimurarar i Skandinavia.
– Eg håper det vil koma eit unntak frå forbodet for skandinaviske frimurarar. Eg kjem til å ta dette opp med den nye norske biskopen.
Frimurar-prelat: Kjenner fleire aktive katolikkar
Kristian Lassen har den nest høgaste geistlege tittelen i Den norske frimurarordenen. Han er pensjonert prest i Den norske kyrkja og har frimurar-tittelen Vikar for Ordenens Høyeste Prelat.
Han seier til Vårt Land at han møter fleire katolikkar i losjen.
– Eg kjenner aktive katolikkar som også er frimurarar. Ein god venn av meg konverterte for ei tid tilbake til Den katolske kyrkja. Han er også aktiv frimurar.
Kristian Lassen kallar Frimurerordnenen for ein økumenisk fellesskap.
– Eg møter folk frå alle kyrkjesamfunn: Katolikkar, metodistar, baptistar, pinsevenner. Og den Norske kyrkje, naturlegvis.
Vårt Land har tidlegare omtala historia om då frimurarane kom inn i varmen til Den norske kyrkja, og at ordenen har opna opp for transmenn.
---
Den norske frimurarordenen
- Ordenen er ein samanslutning av nær 100 frimurarlosjar i Noreg.
- Feira i fjor 275-årsjubileum for stiftinga av den første losjen i Noreg. Sjølve ordenen vart stifta i 1891.
- For å kunne søka medlemskap, må ein vera mann, minst 21 år, tilrådd av tre medlemmer, vedkjenne seg den kristne tru og ha det som ordenen ser som eit godt omdømme.
- Blir leia av ein Stormester og rådet hans. Frode Olsbø vart utnemnd som ny Stormester november 2024.
- Hadde per 1. januar i fjor 14.263 medlemmar.
Kjelde: Store norske leksikon og Den norske frimurarordenen
---