Håkon og Linda Økland Kinsarvik har klaga inn avisa Dagen til Pressens Faglege Utval (PFU), etter at separasjonen deira blei omtalt fleire gonger av avisa.
I ei melding skriv Linda til Vårt Land:
– Me har aldri blitt behandla så respektlaust som av redaksjonen til Dagen. Om dei ikkje skulle bli felt, er me oppriktig bekymra for skadeomfanget media kan påføre privatpersonar i framtida.
Håkon seier seg einig i utsegna.
Sjefredaktør i Dagen, Vebjørn Selbekk, delar ikkje deira syn:
– Ingenting i vår journalistiske prosess her er respektlaus, og me er veldig overraska over at me er klaga inn. Me ynskjer å behandle alle med stor respekt, og det har me lagt særskilt stor vekt på i denne saka.
PFU er pressa sitt klageorgan, og dei legg Ver Varsam-plakaten til grunn for sine etiske vurderingar.
Fortalde om separasjon
Det heile starta med eit innlegg på Facebook, der dei to fortalde at dei etter åtte år som ektefellar no skulle gå frå kvarandre.
Årsaka var at Håkon etter fleire år lang sjølvransaking hadde funne ut at han var homofil.
At Håkon er prest, og tidlegare har vore styremedlem i den konservative interesseorganisasjonen Frimodig kyrkje, bidrog truleg til at saka vekte merksemd.
Også Vårt Land skreiv om historia til paret.
Seier Dagen skilte seg ut
I klaga understrekar Økland Kinsarvik at mange medium tok kontakt for større intervju med dei, men at Dagen skilte seg ut med at dei ville melde nyheita om separasjonen raskt.
Ein del av klaga handlar om at Dagen ringde Linda i forbindelse med denne fyrste saka medan ho var på jobb som sjukepleiar, og at ho ikkje hadde høve til å svara.
I ei melding skreiv Dagen ifylgje klagar at dei «ikke ønsker å gjøre det [skrive en sak om vårt Facebook-innlegg] før vi har vært i kontakt med dere», noko klagar oppfatta som eit løfte om å ikkje laga sak før dei hadde fått tak i Linda. Men innan éin time etter ho hadde gått frå jobb skal saka ha liggje på toppen av dagen.no med tittelen «Prest annonserer at han er homofil og skiller seg fra kona».
Til Vårt Land seier Håkon at han opplever at Linda blei objektivisert med å bli omtalt som «den fråskilde kona».
– Og så reagerer eg sterkt på at dei berre forheldt seg til oss som par, og ikkje som to individ. Linda er ein like stor part av denne historia.
Selbekk: – Handlar meir om ideologi enn presseskikk
I tillegg meiner han omfanget av saka i Dagen var «ekstrem».
– Me har klaga inn fire saker, men dei har skrive seks saker der me er omtalte.
Selbekk er tydeleg på at han ikkje meiner avisa han leier har brote god presseskikk. Han seier han blir svært overraska om dei endar opp med å bli felt i PFU.
– Kva tenkjer du når du les om korleis dei to har opplevd å bli møtt av, og omtala i, Dagen?
– Eg opplever at det som eigentleg er problemet er synet me på leiarplass har om ekteskap og likekjønna ekteskap. Me opplever at dette handlar meir om ideologi enn presseskikk, seier Selbekk, som understrekar at dei som avis må få lov å meine at ekteskapet er for éin mann og éi kvinne.
Sakna omtanke for sårbar situasjon
Den kristne avisa er klaga inn for fire artiklar, og klagar meiner dei har brote fem ulike punkt i Ver Varsam-plakaten, mellom anna på punktet om å verka sakleg og å vise omtanke i innhald og presentasjon (sjå faktaboks for utfyllande informasjon). Sakspapira kan du lesa her.
Historia til ekteparet blei mellom anna omtalt i ein leiarartikkel og i ein kommentar.
– Fleire journalistar og kommentatorar reduserte historia vår til ein teologisk debatt, meiner Håkon, som synest dette viser mangel på omtanke for den sårbare situasjonen han og Linda stod i.
– Hadde det vore to år etterpå kunne eg forstått det, men denne måten å gjera ting på viser ein kultur i Dagen som me reagerer veldig sterkt på, seier Håkon.
Han seier at dei var i kontakt med Dagen fleire gonger for å be om ei orsaking, og for å oppmode dei til å ikkje skrive meir om dei, utan at dei nådde fram. Då blei det å kontakte PFU neste naturlege steg for dei.
---
Klagar meiner Dagen har brote desse punkta i Ver Varsam-plakaten:
- 3.2: Ver kritisk i valet av kjelder, og kontroller at opplysningar som blir gitt er korrekte. Det er god presseskikk å arbeide for breidde og relevans i kjeldevalet. Ver særleg aktsam ved behandling av informasjon frå anonyme kjelder, informasjon frå kjelder som tilbyr eksklusivitet, og informasjon gitt frå kjelder mot betaling.
- 3.3: Det er god presseskikk å klargjere premissane i kontakten med kjelder. Dersom det blir inngått avtale om sitatsjekk, bør det gjerast klart kva avtalen omfattar og kva fristar som gjeld. Redaksjonen avgjer sjølv kva som endeleg blir publisert.
- 3.9: Opptre omsynsfullt i det journalistiske arbeidet. Misbruk ikkje andres kjensler, manglande medieerfaring, vankunne eller sviktande dømmekraft. Hugs at menneske i sjokk eller sorg er meir sårbare enn andre.
- 4.1: Legg vekt på å vere sakleg og på å vise omtanke i innhald og presentasjon.
- 4.3: Vis respekt for menneskes eigenart og identitet, privatliv, etnisitet, nasjonalitet og livssyn. Ver varsam ved bruk av omgrep som kan verke stigmatiserande. Framhev ikkje personlege og private forhold når dette er saka uvedkomande.
---
Selbekk: – Heilt urimeleg
– Har du forståing for at det å bli bruka som utgangspunkt for ein teologisk diskusjon kan opplevast som mangel på omtanke for ein sårbar situasjon, Selbekk?
– Eg har forståing for at dei står i ein krevjande situasjon. Men eg vil minne om at dei sjølve stod fram på Facebook, og at dei stilte opp i store intervju i Bergens Tidende og Vårt Land. Det er ingen tvil om at denne saka har ei teologisk side. At me på leiarplass skriv om dette er heilt ordinært.
– I klaga står det at formålet med Facebook-innlegget var å nå ut til eige nettverk, og dei skriv at Linda aldri ville stilt opp i andre medium med historia si hadde det ikkje vore for eit behov for å nyansere det som fyrst hadde blitt skrive i Dagen?
– Det blir spekulasjonar. Eg kan berre konstatere at Facebook er offentleg, og at dei ved å i tillegg ha stilt opp i BT og Vårt Land sjølve har valt å vera offentlege. At me i Dagen ikkje skal kunne omtale dette finn eg heilt urimeleg, seier Selbekk.
Han meiner også at det er viktig poeng at dei i Dagen per definisjon reknar prestar som offentlege personar, på grunn av deira offentlege rolle.
Saka skal opp i det neste møtet i utvalet, som skjer onsdag 29. januar.