– Eg begynner å lure på kor vanleg er det, at religiøse menneske som ventar med sex, ikkje får det til?
Det spørsmålet stiller Kristine Banggren Gripsgård i podkasten Epleskrotten, som undersøkjer ulike opplevingar av forkynning om å vente med sex til ekteskapet.

Amanda er ikkje hennar verkelege namn. I tredje episode fortel ho om korleis kroppen sa stopp når ho endeleg hadde gifta seg, og «fekk lov» å ha sex.
– Og då meiner eg ikkje vanleg kløneri, nei, då meiner eg at det at det er fysisk dritvondt å gjennomføre eit samleie.
– Heavy for ein ungdom
Amanda vaks opp i ei evangelikal kyrkje og fortel at ho fekk med seg gode verdiar frå forkynninga.
– Eg lærte meg å sette grenser for meg sjølv. Eg gav kroppen min verdi – kven som helst skulle ikkje få ta på den – den skulle eg spare til nokon som elska meg.
Eg lærte meg å sette grenser for meg sjølv. Eg gav kroppen min verdi – kven som helst skulle ikkje få ta på den
— «Amanda»
Men forkynninga førte også til mykje skam.
– Det som sit igjen, som ikkje kjennast like bra, er jo denne generelle følelsen av at all seksualitet var gale utanfor ekteskapet.

Ho fortel at ho lærte at det å synde i tankane, å ha begjær, var synd og at dei trong tilgjeving for det.
– Og det er ganske heavy for ein ungdom som går gjennom puberteten og forelskar seg.
Lærte kroppen å seie nei
I mange år sa Amanda nei til eigen kropp og lyst, fortel ho.
– Det klarte eg så masse at kroppen min hadde sagt fullstendig nei og knytt seg.
Første gong ho låg med ektemannen var det ekstremt smertefullt. Smerta samanliknar ho med å føde eit barn. Ikkje like vondt, men liknande svie.

Etter fleire år i ekteskapet las Amanda ein artikkel som fekk brikkene til å falle på plass. Ein Paradise Hotel-deltakar var open om hennar vaginisme.
– Det der høyrast veldig ut som meg, tenkte Amanda.
Ho lærte om kva det var og kvifor ein kan få det.
– Og ein vanleg årsak er overgrep. Og ein annan vanleg årsak er religiøs oppvekst. Og da gav jo alt veldig meining.
Høyr meir om Amanda si historie i 3. episode av podkasten Epleskrotten.

Ser at fleire religiøse slit
– Kan du forklare heilt enkelt kva vaginisme er?
Ein litt starstruck Kristine Banggren Gripsgård pratar med Thorbjørn Brook Steen. Han er gynekolog, spesialist i kvinnehelse, firebarnsfar og skildrar seg sjølv som hardcore feminist.
– Det er slik at i og rundt vagina er det ein bekkenbunn, og der er det ganske mykje musklar, som er superviktig for å halde ting på plass, rett og slett. Og når de musklane går i høgspenn, så er det vanskeleg å få moglegheita for å komme inn i vagina.
Brook Steen er engasjert når han forklarar.

– Faktorane som bidrar, er jo både fysiske og mentale.
Han fortel om fleire studiar og trekk fram ein studie frå USA som forskar på korleis religion og vaginisme kan henge saman. Han fortel at det her ikkje handlar om ein spesifikk religion.
– Det handlar om ein ortodoks eller konservativ haldning.
– Og så handlar det ikkje nødvendigvis om den religionen i seg sjølv, men det handlar om ein eller annan måte religionen bruker, sånn som eg les det, som ein sånn makt overfor kvinna.
Høyr meir om historia til Amanda og Thorbjørn Brook Steen sine observasjonar og tankar i tredje episode av Epleskrotten.
Den første episoden blei sleppt 5. februar. Ny episode kjem kvar onsdag framover. Lytt til den der du høyrer på podkast, og søk på enten «Epleskrotten» eller «Åpenbart».