Religion

– Psykologien praktiserer ofte med ei antaking om at Gud ikkje eksisterer

PSYKOLOGI OG TRU: Hanne Teigland Nilsskog vil tilby eit alternativ til den sekulære psykologien. Leiar i Emmaus psykologiforening heiar på mangfald blant psykologar, men peiker også på utfordringar med flagging av tru.

– Eg har fått ganske mange førespurnader frå kristne som vil ha ein kristen psykolog.

Det seier psykolog Hanne Teigland Nilsskog til Vårt Land.

Hausten 2024 gjorde ho noko ho hadde tenkt på lenge, ho starta kristen psykologteneste.

– Det hadde ikkje vore heilt klart for meg korleis dette skulle sjå ut, men så såg eg det plutseleg i eit nytt ljos, seier psykologen.

Nilsskog fortel at ho har lest mykje psykologi, filosofi og teologi sida ho studerte, og at ho til slutt landa på at det både var gjennomførbart og forsvarleg å starte ei kristen psykologteneste.

Lite kunnskap om tru i terapirommet

Kristen-psykolog Hanne T. Nilsskog

Forholdet mellom psykologi og religion, og korleis psykologar skal forhalde seg til truande pasientar, har jamleg vorte diskutert i Vårt Land sine spalter.

Psykologar er mindre religiøse enn resten av befolkninga, har forsking vist. På profesjonsstudia i psykologi lærer studentane lite om korleis dei skal møte religiøs tru i terapirommet, og undersøkingar har vist at studentane skulle ønske dei lærte meir om dette.

For mange er religion eit fråverande samtaletema i møte med psykologen, og Nilsskog såg at det var etterspørsel etter kristne psykologar, men at det fantest få tilbod.

Eg er kanskje meir nysgjerrig på om pasienten har ei tru. I tillegg tilbyr eg terapi som kan tilpassast kristne

—  Hanne Teigland Nilsskog, psykolog

Alternativ til sekulær psykologi

På nettsida til psykologtenesta hennar får ein fort vite at ho sjølv er kristen:

«Jeg er også kristen. Og jeg tror på en levende Gud, som ønsker å være nær og hjelpe oss når vi strever.»

Eitt av Nilsskog sine hovudpoeng med å ha ein så tydleg fagleg profil er at ho vil gi eit alternativ til den sekulære psykologien.

– Psykologien i dag, slik den vert forska på og praktiserast, praktiserer ofte med ei fundamental antaking anten at Gud ikkje eksisterer, eller at me ikkje treng å forholde oss til Gud. Eg ønskjer å vise og å tilby ei likestilt teneste, der ein går ut ifrå at Gud eksisterer. Nettopp fordi Guds eksistens ikkje kan bekreftast eller avkreftast direkte empirisk, tenkjer eg at det er fint med ein alternativ psykologi til dei som ønskjer det, seier ho.

– Stort sett som ein vanleg psykolog

I praksis jobbar ho stort sett som ein vanleg psykolog, seier ho.

– Eg er kanskje meir nysgjerrig på om pasienten har ei tru. I tillegg tilbyr eg terapi som kan tilpassast kristne, seier ho.

– Kva tenkjer du er skilnaden på kristen psykologteneste og sjelesorg?

– Det er eit godt spørsmål. Slik som eg tenkjer har psykologi, teologi og sjelesorg kvar sine område, men har også ting som er felles. I psykologien har ein sett opp eit skarpt skilje mellom psykologi – læra om psyken – og teologi, som er læra om Gud. Men, eg opplever at i praksis vert dette skilje ofte viska ut, seier Nilsskog.

I ordinær kognitiv adferdsterapi (KAT) jobbar psykologar mellom anna med å finne fram til negative tankar som gjer livet til pasienten vanskelegare, fortel Nilsskog. Deretter jobbar ein med å møte desse tankane på ein måte som påverkar psyken til pasienten betre.

– I ein kristen-tilpassa KAT, derimot kan me inkludere Gud, om pasienten ønskjer det, og også bruke Guds Ord som erstatning for negative tankar om seg sjølv, seier kristen-psykologen.

Dersom ein treng psykolog, vil det være naturleg å snakke med nokon som har kompetanse på dette feltet, tenkjer Nilsskog.

– Hadde det vore utelukkande sjelesorg, så har ein forhåpentlegvis tilbod for dette i kyrkjelyden ein kan nytte seg av. Sjelesorg vil altså kanskje fokusere mindre på rein psykologisk behandling av psykiske vanskar, og noko meir på det teologiske, og på å trøyste og støtte, seier Nilsskog, som sjølv stundom har samtalar av meir førebyggjande art, som i større grad overlappar med sjelesorg.

Nilsskog ser at når menneske opplever liding, blir fort eksistensielle spørsmål særleg aktuelle, og for nokre kan det vere nyttig å ta tak i slike spørsmål. Det kan vere spørsmål som «kvifor skjer det vonde ting med meg?» eller «kven er Gud oppi alt dette?», seier psykologen.

– Ønskjer å framheve det kristne perspektivet

På spørsmål om kvifor ho meiner det er viktig at pasientane hennar veit at ho er kristen, svarar Nilsskog:

– Psykologien har sagt lenge at «det me tenkjer og trur påverkar oss». Eit spørsmål som dukka opp hos meg då eg starta tenesta var «kva påverknad vil det kunne ha for menneske om dei trudde, eller visste, at dei var elska av Gud, og at deira verdi var urokkeleg stor?». Eg trur dessverre mange kjenner seg alt anna enn verdifull og elska. Det finst ulike filosofiske retningar som angriper temaet ulikt, og eg ønskjer å framheve det kristne perspektivet. Mi kristne tru gir meg dette spesifikke perspektivet, som eg tenkjer er eit valid og godt perspektiv.

Nilsskog tenkjer at det nok er nokre som vel ho bort fordi ho tilbyr ei kristen teneste.

– Men det er kanskje greit? seier ho.

Alliansen mellom pasient og terapeut er viktig, peikar ho på, og det kan sjå ut som at menneske med kristen tru ofte opplever denne alliansen som sterkare til terapeutar med samme trusfundament. Slik kan det også vere i andre settingar – ulike faktorar påverkar kven ein opplever tillit til, seier ho.

– Men, sjølv om me er ei kristen psykologteneste, er me veldig oppteken av religion- og trusfridom. Me ønskjer ikkje å bli forveksla med rein forkynning. Eg har også pasientar som ikkje er kristne, og då snakkar me om andre ting, seier Nilsskog.

– Det finst utfordringar

– Eg tenkjer at det absolutt er eit skrikande behov for auka livssynsforståing hos psykologar som utdannast i dag, med tanke på kor stor del av folket som har ei tru. Og alle har jo eit livssyn, seier Sindre Storvoll, leiar av Emmaus psykologiforening.

Psykolog Sindre Storvoll er leiar i Emmaus psykologiforening.

På spørsmål om kva han syns om kristne psykologtenester, svarer Storvoll at han heiar på mangfald blant psykologar som kan møte ulike behov i befolkninga. Men peiker samstundes på at det finst potensielle utfordringar ved å flagge ei religiøs tru i eigen praksis, som gjer at ein må trø varsamt med gjennomtenkte steg.

– Til dømes dette med sjølvavsløring, og i kva grad klientane skal vite noko om psykologens standpunkt. Men det kan også vere fordommar eller forventningar om kva «kristen» inneber, samt møte med teologiske problemstillingar, religiøs praksis, og forholdet til sanning, seier han og understreker at han uttalar seg på generelt grunnlag.

– Sjølv har eg lagt meg på ein praksis som ein psykolog med god kjennskap til religiøs tru, slik Emmaus psykologiforening er ein undrande organisasjon med interesse for skjæringspunktet mellom kristen tru og psykologi, fortel Storvoll.

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Religion