«Styrets hensikt er, på lang sikt, å muliggjøre en nærmere optimal realisering av Caritas Trondheims oppgave i henhold til vedtektene for Caritas Norge, ikke minst ved å bidra til at våre katolske menigheter engasjerer seg virksomt i arbeidet for å hjelpe de svakest stilte.»
Det skriv Marie Florence Moufack, styreleiar i Caritas Trondheim, i ein e-post til Vårt Land der ho svarar på kva grunngjevinga for avviklinga var.
For mandag 17. mars delte Caritas Trondheim ei pressemelding med beskjeden om at dei legg ned drifta.
– Ikkje økonomi som er hovudmotivasjon
På spørsmål om økonomien har spelt ein faktor i kvifor Caritas Trondheim legg ned drifta, svarar Moufack at det er ein del av den samla avgjersla, men at økonomi ikkje er hovudgrunnen.
Ho skriv at «Beslutningen går i større grad på å omorganisere virksomheten til å bli en organisk del av en kirkelig oppgave».
Vil at tiltaka skal «hvile på evangelisk grunnlag»
– Det har vore ein debatt om den katolske identiteten til Caritas. Er det noko som ligg bak avgjersla om å avvikle organisasjonen?
Moufack peiker på at organisasjonen ikkje vert avvikla, men at «organisasjonens drift i nåværende form» vert avvikla. Styreleiaren seier at i søket etter ei «ny, bærekraftig form» vil den lokale organisasjonen legge vekt på at tiltaka deira «hviler på et klart evangelisk grunnlag».

Ifølgje styreleiaren vart avgjersla om avvikling teken etter ein «lang prosess» og der ønsket har vore å finne «adekvate, virksomme uttrykk for Caritas Trondheims særegne oppgave og kall innenfor rammen av lokale behov, lokalt potensiale».
Styret skal, ifølgje Moufack, ha vore samla om avgjersla.
Dagleg leiar sluttar i mars
5. mars i fjor vart Elin Ryen ny dagleg leiar i Caritas Trondheim. Eit halvt år etter, i september 2024, sa Ryen opp stillinga si. Ho avsluttar sitt arbeid i den lokale organisasjonen 31. mars, opplyser Moufack.
På spørsmål om det ligg føre usemje mellom Ryen og deler av styret, svarar Moufack:
«Som sagt er styret samlet. Daglig leder ble ansatt på grunnlag av en klar målsetning, som vi sammen har forsøkt å virkeliggjøre.»