– Dette er heilt som venta. Det har ligge i korta lenge, seier leiande tilsynsprest i Metodistkyrkja i Noreg, Knut Refsdal, om at den engelske Metodistkyrkja sin årskonferanse har sagt ja til likekjønna ekteskap.
I vedtaket til det engelske kyrkjesamfunnet skriv dei at konferansen gjev samtykke til vigsling av ektepar av same kjønn i kyrkja sine lokale, og utført av prestar og andre autoriserte tenestemenn i kyrkja.
Refsdal seier dei fylgjer nøye med på avgjersler rundt samlivsetikk i andre metodistkyrkjer.
På årskonferansen til Metodistkyrkja i Noreg i 2019 blei det slått fast at kyrkja går i retning av full inkludering av lesbiske og homofile, men at ein også ynskjer å halde kyrkja samla. Ein ventar derfor på at det internasjonale kyrkjesamfunnet, United Methodist Church (UMC), skal ta endeleg stilling i spørsmålet.
Er ikkje med i UMC
Metodistkyrkja i England opplyser på sine nettsider at dei har i overkant av 170.000 medlemmar. Dei er ei frittståande kyrkje, og er ikkje med i UMC, men dei har tette band, fortel Refsdal.
UMC står framføre ei potensiell splitting, nettopp på grunn av synet på likekjønna ekteskap. I dag har UMC eit konservativt samlivssyn, trass i stor indre usemje.
Ei gruppe foreslo i fjor ei formell splitting av UMC, i ei liberal og ei konservativ grein. Forslaget skulle i utgangspunktet stemmast over på generalkonferansen i fjor, men er utsett til hausten 2022.
Tvingar ingen
Refsdal seier at viss det kjem til at ein i Metodistkyrkja i Noreg må sjå etter nye konstellasjonar, vil det å sjå til England vera høgt på agendaen.
– Det er veldig nære relasjonar mellom UMC og metodistkyrkja i England. Det er fri flyt av mellom anna prestar mellom kyrkjene, som også møter med representantar på kvarandres konferansar.
Tilsynspresten seier ein i Noreg kan lære av prosessen i England, som han omtalar som «lang og god».
– Dei tvingar ikkje alle til å vie likekjønna. I 2019 gjorde dei eit interessant grep, der dei skreiv inn i grunnloven sin at nokon ser på ekteskapet som utelukkande mellom mann og kvinne, medan andre ser på det som ein union for både likekjønna og heterofile par.