Meir livsalvor, meir livsglede

Siri Novak Øen tenkte seg litt om før ho sende snap-en. Det eine ordet lugga. Det som byrja på k. Det kjentest for vulgært å bruke. Men ho ville få det ut av systemet og vera ærleg med dei to veninnene i mottakarenden. Ho trykkjer send på meldinga: «Håpar ikkje det er kreft, for sjukehuslivet vil bli slitsamt».

Tidlegare den laurdagen fann ho blod i bleia til den snart to år gamle sonen Alfred.

Ein intens runde med google-søk seinare var ho alt inne på kreft-tanken. Vener og familie sa at ho må slappe av. Det var ingen grunn til å krisemaksimere.

Tre dagar seinare sat ho saman med ektemannen Knut Johan på eit kvitt rom med beigemønstrete golvbelegg på Rikshospitalet i Oslo.

Det var dagen der den nye tidsrekninga i familien Novak Øen tok til. Dagen der legane fann den store svulsten på høgre nyre, og vesle Alfred fekk kreftdiagnosen.

Vegg i vegg

Det er «mommo» som opnar døra. Me har ringt på feil «Novak»-ringjeklokke. For vegg i vegg med Siri, Knut Johan og Alfred bur foreldra hennar.

– Ein moderne generasjonsbustad, kallar Marit Novak det, og viser blidt vidare til naboleilegheita i blokka.

Det var tilfeldig at eininga ved sidan av herr og fru Novak var for sal i det Siri og Knut Johan var klare for å flytte ut av Oslo og heim til Drammen.

---

Siri Novak Øen

  • 38 år
  • Utdanna pedagog. Jobbar no som medlevar på ein institusjon for rusrehabilitering.
  • Gjekk nyleg av som pastor i Filadelfiakirken Oslo.
  • Bur i, og kjem frå, Drammen.
  • Gift med Knut Johan. Saman har dei sonen Alfred.
  • Aktiv i Barnekreftforeininga som har TV-aksjonen i år.

---

– Eg er Alfred!

Eit lite fyrverkeri av ein kar ropar ut introduksjonen i det døra til leilegheita går opp. Det går ikkje mange sekundane før han har funne den nyinnkjøpte adventskalenderen, og viser den kry fram.

– Han er veldig glad i advent og jul, forklarar mora, og forsikrar om at den skal stå fint til pynt fram til fyrste desember.

Siri Novak Øen

Det viser seg at Alfred har minst like stor glød for nyttår, gebursdagar og halloween. Sistnemnde har han ein heimelaga nedteljingskalender for på tv-benken.

Som ei kjærleikssorg

Det er berre to veker sidan Siri gjekk ned frå «talarstolen» i Filadelfiakirken i Oslo som pastor for siste gong. Ho har jobba i pinsekyrkja i tolv år, eller ein tredjedel av livet.

Det kjennest litt som å ha kjærleikssorg. Å preike er noko av det artigaste Siri gjer.

For at kyrkje skal funke er det litt hud-og-hår-opplegg. Det er eit veldig grenselaust liv å jobbe i kyrkje

Likevel er ho trygg i avgjersla om å slutte. Avgangen blei enden på ein lengre prosess, der eit ynskje om å gjera noko anna modna fram.

Men den opphavelege ideen om ein ny retning for karrieren kom brått på. I ei samtale med ei venninne som stod midt i ei djup sorg, var det som om ein tanke fall ned i hovudet hennar. Då Siri kom heim den laurdagen sa ho til mannen: «Eg trur eg har lyst å bli familieterapeut».

Mangla gnisten i pastorjobben

I haust tok ho fatt på eit deltidsstudium i par- og familieterapi, og parallelt jobbar ho på ein institusjon for rusrehabilitering.

I fleire dagar om gongen lever ho side om side med menneske som ynskjer å bli nyktre.

– Det er berre så vanvittig gøy å vera på jobb. Eg elskar analysen, det som skjer i rommet når ulike spørsmål blir stilt, og å sjå korleis ein kan koma inn i kjernen av det som er viktig. Det å fylgje folk i deira prosessar er så spanande, seier ho med glød i stemma.

Siri Novak Øen

Det var nettopp denne gnisten ho kjente at ho ikkje lenger hadde i hennar førre jobb. Ho ville vekse, få nye inntrykk og koma tettare på livet til menneske. I Filadelfiakirken jobba ho mykje administrativt.

Stiftinga som ho jobbar for no er ikkje kristen, men dei fleste har ein tanke om at prosessen menneske går gjennom der også er ei åndeleg reise.

– Eg kjenner meg meir som ein prest enn på lenge.

Det var mitt ungdomsopprør å bli pinseven. Foreldra mine synest det var ekstremt.

Ho merka dessutan ho at livet hadde gått over i ein ny fase.

– For at kyrkje skal funke, er det litt hud-og-hår-opplegg. Det er eit veldig grenselaust liv å jobbe i kyrkje. Det er ikkje for alle, men for dei som trivast med det er det heilt gull.

Og i mange år gjorde Siri det. Det var ein livsstil. Men meir enn før dukka etter kvart tanken opp om at det hadde vore godt å slappe av heime med familien, utan å når som helst kunne bli kontakta med spørsmål frå frivillige, eller å ha oppgåver om aldri tok slutt hengande over seg.

Fekk svart-kvitt forhold til tema som alkohol og sex

Utanfor dei store stovevindauga viser naturen seg i si mest fargerike drakt, og landskapet matchar dei mørkegule veggane og det jordfarga interiøret på innsida.

Leilegheita ligg på bakkeplan, og det er ingenting anna enn gras som skil den frå ei haustkald Drammenselv.

Siri peikar på åssida på andre sida av vassdraget. Det var der ho vaks opp, i det ho kallar ein «klassisk statskyrkjefamilie».

– Det var mitt ungdomsopprør å bli pinseven. Foreldra mine synest det var ekstremt.

Siri fortel om ein barndomsheim der alle var medlemmar i Den norske kyrkja, og der ungane var med i kor, til tider stakk innom sundagsskulen, og der ein gjekk i kyrkja til påske og jul. Men tru var sjeldan eit samtaleemne.

Overgangen til å ha ei dotter som etter eigne ord fekk eit svart-kvitt forhold til tema som alkohol og sex, og som tok i bruk framandord som tungetale og eldsteråd, var stor for foreldra.

Siri Novak Øen

Fekk mormora til å gråte med å velgje vaksendåp

– Eg hadde ein periode der eg var på leit etter kva konsekvensar det å tru på Gud skulle få i livet mitt.

Siri kjente det som ei utfordring frå Gud og byrja å utforske det åndelege. Noko av svaret fann ho i Filadelfia Drammen.

Og sjølv om ho alltid hadde kalla seg kristen, og hadde hatt ein identitet i det å vera døypt, kjentest det etter kvart rett å bli døypt på nytt som vaksen. Det var ikkje like enkelt for alle å svelge.

– Eg har sett mormor grine to gonger. Då eg fortalde ho om valet mitt, var éin av dei.

Bestemora var aktiv kyrkjegåar og engasjert i sin lokale kyrkjelyd i Den norske kyrkja. For henne var det vondt å sjå at Siri valde ein annan veg: «Var ikkje dåpen me gav deg god nok?»

Men det handla ikkje om det for Siri. I hennar auge var barnedåpen med på å plante ei tru i ho som ho gjerne ville stadfeste i ein dåp ho sjølv valde.

---

4 raske

  • Gud er: alt
  • Eg klarar meg ikkje utan: nye inntrykk og gode menneske
  • Boka alle må lesa: Det gylne evangelium av Gabriel Scott
  • I gravferda mi vil eg ha denne salma: Deg være ære

---

Fann stor svulst

Alfred kjem springande inn frå rommet der fjernsynet til no har halde på merksemda hans. Om dei ikkje kan kjøpe grasskar?

– Ja, men kanskje ikkje akkurat i dag.

– Kvifor det?

– Fordi det framleis er lenge til halloween.

Sonen ser ut til å godta svaret og spring vidare med ninja-sverda sine i plast godt festa på ryggen.

Det er nesten nøyaktig tre år sidan fire og eit halvt-åringen fekk påvist kreftsvulsten på høgre nyre.

Dei tre værste dagane i livet til Siri var som gjekk frå dei forstod at noko var gale, til dei fekk diagnosen. Ho hadde alt tenkt det verste, så då kreft-ordet blei nemnt var ho førebudd.

– Ein blir så klart utruleg lei seg, men det å ikkje vita var verre. Det som fór gjennom mitt hovud var å få svar.

Siri Novak Øen

Ho brettar opp ermene som for å vise modusen ho intuitivt gjekk inn i: Kampmodus. Kom-til-botn-av-det-modus. Ta-det-ein-dag-om-gongen-modus.

– Fleire har sagt at dei ikkje forstår korleis me orka det. Men eg trur mange kan hente fram krefter dei ikkje veit at er der før det stormar.

Gjennom operasjonar, cellegift, medisinar, sjukehusopphald og tunge dagar spurte Siri og Knut Johan kvarandre:

– Men klarar me dagen i dag?

– Ja, me klarar i dag.

– Ok. Men då er det ny nåde i morgon.

Forferdeleg å vente på svar

– Uansett kva krise det er greier ein ikkje å gape over alt på ein gong, forklarar Siri i dag.

No er det litt over to år sidan Alfred blei friskmeldt. Han har ikkje større risiko for å få kreft enn alle andre.

Likevel kan Siri kjenne redsla snike seg innpå viss sonen blir slapp eller byrje å hoste. Og i dagane mellom sjekkane han framleis går til med jamne mellomrom, og at resultata kjem, er foreldra «heilt frynsete».

– Det er eit elsk-hat forhold til det å ta prøver, for det er utruleg godt å vita at alt er bra. Men det er heilt forferdeleg å vente på svar, skildrar Siri.

Alfred kjem inn att i rommet, og lurar på kvifor kakaokoppen han har i hendene på mystisk vis har krympa?

Mora trudde ikkje han ville leggje merke til at ho tømte delar av den litt for store drikkeporsjonen over i ein mindre kopp. Men nei.

Siri Novak Øen

Fjerna heile nyra

– Me snakkar litt om at Alfred har vore sjuk. Men det likar ikkje Alfred å snakke noko særleg om, seier Siri med mjuk stemme, retta mot sonen.

– Kan me få sjå på det fine arret du har på magen?, held ho fram.

Alfred ser fyrst litt sjenert ut, før han lyfter genseren høgt opp og snurrar rundt og rundt.

Nesten heile vegen frå navlen og bak til ryggrada strekkjer det seg eit tynt, ljost arr. Det stammar frå operasjonen der heile høgre nyra hans blei fjerna.

– Det var ikkje noko å spare på, forklarar mora.

Meiner staten burde tatt ansvar

Siri tek fram eit fotoalbum. Blar gjennom bilete av sjukehusopphald, sondar og morfinpumper.

Men aller mest er det bilete av Alfred som smiler. Han smiler i møte med sjukehusklovnar, leikebilar og familiemedlemmar.

Siri Novak Øen

På eitt bilete ser ein den oppreidde feltsenga som enten Siri eller Knut Johan sov på inne på rommet til Alfred.

Eg har aldri tenkt at eg skal bli skåna for vanskelege ting berre fordi eg trur på Gud

Siri har engasjert seg i Barnekreftforeininga dei siste åra. I år har organisasjonen TV-aksjonen, og pengane skal gå til å etablere familiehus ved sjukehus i fire norske byar. Her kan barn med alvorleg sjukdom og familiane deira bu medan dei får behandling.

– Ein ting er oss som bur ikkje alt for langt unna, og som bur på sjukehuset éi veke her og der. Men nokon er der i månadar.

Noko av det verste, synest Siri, er å tenkje på dei barna som ikkje blir friske. At familiar ikkje har ein stad å vera berre dei i den siste tida dei har saman er hjarteskjerande.

– Eg synest det er heilt utruleg at me må ha ein TV-aksjon for å ordne noko eg meiner staten burde tatt ansvar for. Men det er i alle fall ein kjempeviktig sak, seier Siri, tydeleg engasjert.

Siri Novak Øen

– Eg har ikkje noko særstilling overfor Gud

Ho kjenner seg meir «levd» etter heile sjukdomsperioden. Både fordi ho sjølv og hennar nærmaste har gått gjennom mykje, men også fordi ho har blitt eksponert for andre sine lidingar og kampar på ein annan måte enn før.

Eit av barna dei blei kjent med på sjukehuset, gjekk dei i gravferda til. Ho var to år då ho døydde.

Etter at Alfred blei sjuk er det akkurat som om eg kjenner litt meir av alt. Meir av livsgleda, men også meir av livsalvoret

Ei anna mor, som hadde mista barnet sitt til kreft, reagerte då ho høyrde at Siri jobba i ei kyrkje. «Korleis kan du tru på Gud, som har eit barn som fekk kreft», var hennar umiddelbare respons, fortel Siri.

– Men eg har aldri tenkt at eg skal bli skåna for vanskelege ting berre fordi eg trur på Gud. Eg har ikkje noko særstilling overfor Gud berre fordi eg jobbar i kyrkje eller seier høglydt at eg trur på han.

Vanskeleg å be

For eks-pastoren har ikkje sjukdommen ført til enten ei styrking eller svekking av trua på Gud. Den har liggje i botn som ein grunnmur. Til tider har det å skulle be verka tåpeleg.

– Gud visste kva eg var oppteken av, utan at eg trong å fortelje han det. Men eg kjente at eg blei boren av andre sine bøner.

Og ho kjente på ein ekstraordinær kjærleik både frå menneske og Gud når livet var som tyngst. Kva som var kva, var ikkje lett å skilje, og heller ikkje viktig.

Siri Novak Øen

Til tider kan det å engasjere seg i barnekreftsaka kjennast som ei påminning om det vonde som har vore.

Likevel veg kjensla av å kunne vera der for andre og bidra til noko viktig tyngre.

– Etter at Alfred blei sjuk er det akkurat som om eg kjenner litt meir av alt. Meir av livsgleda, men også meir av livsalvoret. Dei kjem alltid i tospann. Til meir ein set pris på livet, til meir redd blir ein for å miste det.