Kjærleiken kjem med stein i skoa

– Eg opplever livet veldig sterkt!

Gunnhild Nordgaard Hermstad snakkar om kvar engasjementet hennar kjem frå. Leiaren av Norsk kvinnelig teologforening har alltid brydd seg, heilt frå ho var ei lita jente. Det var ho som gjekk fram til dei mannlege kristne talarane etter møter og konfronterte dei med ubalanse i forkynninga av gudsbiletet, til dømes. Det har også kosta henne. Men å la vere å stå opp for det ho trur på, har aldri vore noko alternativ.

– Mamma var også slik. Og bestemor. Det er nokre genar der, smiler ho.

Bestemora i Setesdal er ho som svarte «så bra, det tar vi ein dram på!» då Nordgaard Hermstad fortalde at ho skulle bli prest. Sjølv vaks teologiforeiningsleiaren opp i den vesle bygda Rissa i Trøndelag, der slekta til kommunelegefaren kjem frå. I Indre Fosen budde det ikkje så mykje folk. Men det var kristent skulelag der, som ho blei med i på ungdomsskulen. Laget danna på sitt vis ein kontrast til den akademiske kulturen i barndomsheimen hennar, der den klassiske musikken akkompagnerte årshjulet like vegfast som Vivaldis fire årstider.

– Det var mykje finkultur då eg vaks opp. Eg spelte klassisk piano, men var også med i speidaren. Eg syntest det var gøy å ta ansvar og lære ting, seier Nordgaard Hermstad.

Ho har alltid vore glad i naturen, og kunne vere ute på sjøen i tårnhøge bølgjer. Kanskje fordi naturen minner henne om Gud, og korleis vi menneske er plasserte midt i skaparverket.

– Eg opplever livet veldig sterkt!

—  Gunnhild Nordgaard Hermstad

Likar å vere i rørsle

Så er teologen også glad i å vere fysisk aktiv. Ho vaks opp med å gå i fjellet og stå telemark. Tok ekstremsportlinja på folkehøgskulen. Draumen frå oppveksten om å spele handball blei rett nok aldri realisert til fulle, men ho joggar framleis tre til fem dagar i veka.

– Eg er ikkje spesielt rask, men synest det er herleg å vere i rørsle og kjenne på endorfina i kroppen, seier ho.

Frå kontorvindauget sitt på MF vitenskaplig høyskole, der ho er stipendiat i systematisk teologi, har ho utsikt mot Holmenkollen. Kontoret ligg i hjørnet av bygget, så ho har mykje lys.

Når ho skal seie noko om si eiga trushistorie, kjem ho også tilbake til lyset – dåpslyset, som for henne blei tent den 14. februar i 1983. Sidan har ho levd med trua. Ho veit ikkje om noko anna, som ho seier.

Gunnhild Nordgaard Hermstad, MF. Leder i Norsk Kvinnelig Teologforening (NKTF)

Blei livredd av bønn

Ho fortel likevel om ei episode frå ungdommen då ho blei redd for at ho ikkje hadde fått Den heilage ande. Ho hadde flytta til Trondheim for å ta vidaregåande, og hamna ein gong på eit bønnemøte der nokon begynte å slå i veggane og seie ord som ho ikkje forstod.

– Det verka veldig truande på meg. Og så kom dei ei jente og sette seg ned ved sida av meg og bad til Gud om at eg måtte få Den heilage ande. Eg blei vippa av pinnen. Heile veka gjekk eg rundt og var livredd, fortel Nordgaard Hermstad.

Ho var 16 år, hadde flytta heimanfrå og budde på ein hybel med to personar ho ikkje kjente. Lysa i vinduskarmen blei blåste ut av gjennomtrekk og det var mus i alle skap.

– Eg hadde tenkt at det skulle gå bra. Men viss eg ikkje hadde Gud, så var eg ramma – så djupt at eg ikkje visste kvar eg skulle gjere av meg.

I slutten av veka skulle far hennar køyre henne heim for helga, og han såg straks at noko var gale. Han spurte kva det var.

– Eg sa: «Pappa, tenk viss eg ikkje har Den heilage ande!» Då såg pappa på meg med eit sånt blikk som fedrar har som blir alvorlege. «Gunnhild, du har Den heilage ande!» sa han. «Det veit eg, for eg bar deg.» Frå den dagen av har eg klamra meg fast til dåpen min. Og ikkje ein kjeft kan ta ifrå meg det, seier 42-åringen.

---

Fakta:

  • Gunnhild Nordgaard Hermstad
  • 42 år
  • Frå Rissa i Trøndelag
  • Bur på Årvoll i Oslo
  • Rådgivar i liturgikk i Kyrkjerådet og stipendiat i systematisk teologi på MF vitenskapelig høyskole
  • Leiar i Norsk kvinnelig teologforening

---

Utanfor rammene

Gjennom livet har ho likevel ofte fått ei kjensle av at ho ikkje passar inn i dei kristne rammene. At andre har meint det er noko som ikkje er på plass. Det har såra henne. Sjølv veit ho ikkje korleis det er å leve, om det ikkje er å leve med Gud. Det er likevel eit spenn i henne, som har vore der heilt frå ho vaks opp i den bygdetrønderske festkulturen med ein familie der alle var feministar. No har ho omfamna begge deler, kanskje bortsett frå flatfylla.

– Eg elskar jo å ha det gøy på fest, seier teologforeiningsleiaren.

Spennet frå ungdommen, der ho gjekk på møter hos Normisjon laurdag kveld og i Nidarosdomen søndag formiddag, er der ikkje lenger. Ho kjenner seg heime i Den norske kyrkja, og siterer Sigvart Dagslands og Erik Hillestads låt «Djube spor», der kyrkja kan «virke sleden, hu e litt rar / Men om hu svikte, så e hu alt me har».

Oppfatta som trøbbelmakar

Det lågkyrkjelege har likevel hatt stor påverknad på henne opp igjennom. På diverse leiarskular i Laget i ungdommen blei det kristne engasjementet hennar forsterka. Nordgaard Hermstad fekk etter kvart fleire og fleire verv, både i Trøndelag og nasjonalt.

Samtidig kunne ho utfordre. Kraftig.

– Blei du oppfatta som ein trøbbelmakar?

– Ja, det er eg ganske sikker på. Det var mykje Ny Generasjon og Jesus Revolution i det kristne miljøet. Eg hugsar at eg sat og diskuterte med gutane om det var greitt for kvinnelege forsongarar å ha tronge genserar. Det gjorde meg rasande at det skulle vere jentene sitt ansvar dersom gutane ikkje klarte å konsentrere seg om lovsongen. Så då blei eg ein som sa imot, seier Nordgaard Hermstad.

Ho har opplevd at det kostar.

– Det har hatt sin pris. Eg blei nok sett på som ein stein i skoa. Det har vore mykje for meg å komme til rette med. Korleis eg kunne vere meg sjølv utan å gå inn i roller som eg opplevde blei teikna for meg, seier teologen.

Det gjorde meg rasande at det skulle vere jentene sitt ansvar dersom gutane ikkje klarte å konsentrere seg om lovsongen

—  Gunnhild Nordgaard Hermstad

Vil ikkje vere i boks

Å jobbe som prest, som ho etter kvart skulle bli, var også ein måte å halde desse tinga saman for henne. Å halde på feminitet i eit tradisjonelt maskulint yrke, til dømes. Det har vore ein viktig prosess for henne å frigjere seg frå ulike typar boksar som ho har opplevd har vore rundt henne.

– Det finst hundrevis av boksar, året rundt. Men livet funkar ikkje slik. Livet er mykje vakrare og vanskelegare enn boksar og merkelappar. Og det elskar eg.

Nordgaard Hermstad er singel og har ikkje barn frå tidlegare forhold. Ho kjenner mange som har sterke draumar om eigen familie, men har det ikkje på same måten sjølv. Ho er ikkje interessert i å ha kjæraste berre for å ha kjæraste, men er open for eit forhold om det likevel skulle skje.

– Skjer det, så skjer det. Og så har eg jo fantastiske søsken, nevøar, nieser, venner og mange menneske i livet mitt som eg er veldig glad for. Eg er velsigna med menneske. For det å ikkje ha nære relasjonar må vere veldig vondt, seier ho.

Livet er mykje vakrare og vanskelegare enn boksar og merkelappar

—  Gunnhild Nordgaard Hermstad
Gunnhild Nordgaard Hermstad

Å tru er å puste

Som truande har ho også ein gudsrelasjon som kan omtalast som altomfattande og naturleg.

– For meg er trua livet. Det å puste og leve er å tru, seier ho.

Ho ser på Gud som ei kjelde for sanninga, godheita og venleiken. At Jesus er vegen, sanninga og livet er for henne ikkje noko strengt og pietistisk, men ei forteljing om vårt eige liv – med vegar som ofte kan vere krunglete og vanskelege å gå.

Det opnar også opp for det vakre, det estetiske. Ho snakkar om dei gamle orda som møter dei nye, bryt mot dei og lager noko nytt.

Nordgaard Hermstad er opptatt av kunsten, ikkje minst musikken og litteraturen. Ho les mykje skjønnlitteratur, frå Halldis Moren Vesaas til Helga Flatland. Ho blir synleg begeistra når ho tenkjer på ei elegant avslutning i ein roman ho nyleg har lese. Kanskje fordi også denne fortel henne noko sant om livet?

– Eg elskar jo livet, seier ho.

Ei enkel, men viktig erkjenning.

Høyrer Guds stemme

Trua fyller heile dette livet, frå fødsel til død – og forbi. Nordgaard Hermstad tenkjer rett nok ikkje mykje på livet etter døden. Men i dette livet er Gud ein del av det heile, både i fortviling og fest.

– Det finst inga smerte som Gud ikkje veit kva er. Fordi krossdøden. Fordi langfredag. Jesus rommar heile livet. Då finst det også trøyst når eg treng det, seier Nordgaard Hermstad.

Ho har fleire gonger opplevd å bli fylt av Gud. Å høyre Guds stemme er ikkje noko eksotisk for henne, men nærmast daglegdags. Ei spesiell oppleving av gudsnærvær hadde ho likevel då presten la handa på hovudet hennar under konfirmasjonen.

Mange år seinare fekk ho ei ny hand på hovudet då ho blei ordinert til prest, i den same kyrkja som ho blei konfirmert i.

– Det var sterkt og veldig fint, seier ho.

– Korleis opplever du det når du høyrer Guds stemme?

– Eg er eit kreativt menneske, og den delen av hjernen min er nok svært aktiv. Men eg har alltid hatt det slik. Det kan vere ei konkret setning, ein draum eller noko ordlaust. Som eit handtrykk.

Gunnhild Nordgaard Hermstad

Plogspiss og vaktbikkje

Denne veka er det både 8. mars og Norsk kvinnelig teologforening har halde årsmøte. Nordgaard Hermstad minnest at det var heftig å møte dei unge konservative mennene som ho gjorde då ho var fersk teologistudent.

– Igjen denne kjensla av å vere ein fridome i skoa, seier ho.

Men teologistudenten konkluderte med at det var nyttig for dei unge mennene å høyre protestane hennar, så ho blei verande. I dag opplever ho at det er heilt annleis, også på MF vitenskapelig høyskole. No manglar heller ikkje dei feministiske perspektiva i undervisninga.

– Kva slags rolle ønsker Norsk kvinnelig teologforening å spele i samfunnsdebatten?

– Anne Dalen, som har skrive historia om foreininga, brukar tre ord: plogspiss, interesseforeining og vaktbikkje. Det er framleis mange kvinner som blir møtt med heftige og rare utsegner. Folk tek seg fridomar når du ikkje ser ut som ein mellomaldrande mannleg prest. Det er styrke i fellesskapet med andre kvinner. Vi står saman i kampen.

Nordgaard Hermstad trur det framleis er behov for ei slik foreining i det moderne og nokså likestilte Noreg. Kvinner må stadig finne tilbake til «Guds bilete bak mitt bryst» – å vere kvinner slik kvinner blei skapte til å vere, ikkje som forestellingar eller avgrensa objekt.

– I den augeblinken vi tenkjer at vi ikkje trengst lenger, slår det tilbake. Det ser vi både i Noreg og internasjonalt. Eg trur ikkje foreininga kjem til å bli nedlagt, seier Nordgaard Hermstad.

Det er styrke i fellesskapet med andre kvinner.

—  Gunnhild Nordgaard Hermstad

Kjærleiken, den største

Som leiar av foreininga, stipendiat på MF og rådgivar i liturgikk i Kyrkjerådet har Nordgaard Hermstad mange jern i elden. Ho jobbar ikkje minst med eit prosjekt om synd og syndstilgiving, som ho enno ikkje har komme så langt med. Her skal ho gjere empirisk forsking på kva folk tenkjer om synd og tilgiving, og sjå dette i lys av systematisk teologi.

– Blant anna skal eg finne ut korleis kyrkjegjengarar i Den norske kyrkja erfarer det å ta del i syndsvedkjenninga, seier Nordgaard Hermstad, som har finansiering ut 2028 til dette prosjektet.

Vi skal ikkje dvele ved synd i dette intervjuet. I staden lurer vi på kva det er i den kristne trua som utfordrar teologen aller mest?

Svaret kjem ganske kontant:

– Kjærleiken. I alle versjonar. Også kjærleiken til oss sjølve. Eg trur det er mykje lettare å tenkje at vi er syndige enn å tenkje at vi er elska. Men vi har ein Gud som elskar til døden.

Ho er særleg glad i ei setning frå liturgien i Den norske kyrkja: «Deg vere ære for kjærleiken som er sterkare enn døden.»

– Det er berre så heftig!

Ho les eit avsnitt frå den svenske forfattaren Kristian Lundbergs roman Yarden, som er inne på noko av det same, at kjærleiken er nådefull og ubegripeleg. Vi skal la desse innsiktene få klinge med vidare når intervjuet her er slutt: Alt det andre – sjukdom, grådigheit, redsle – det er så banalt, så enkelt å forstå og forklare, til og med å tilgi.

Gunnhild Nordgaard Hermstad ser opp:

– Men å elske og bli elska, det er berre ubegripeleg.

---

4 raske

  • Gud er: Kjærleik
  • Eg klarer meg ikkje utan: Gud og menneske
  • Boka alle må lese: Dikta til Halldis Moren Vesaas
  • På gravsteinen min skal det stå: Som ho har elska

---