Dagens bibelord gjennom veka skal på ulike vis førebu oss til søndagen, og komande søndag handlar det om falske og sanne profetar. Gjennom tekstane denne veka møter vi ulike situasjonar der menneske blir konfrontert med ulike sider ved det å tru, frå Jesaja som kommuniserer med Gud (eller motsett, kanskje), via Peter som svik og lyg, og til Paulus som sit ved bålet på Malta og må forholda seg til både skumle ormar og litt underlege kommentarar.
Det er ulike situasjonar der trua til ulike menneske og Guds vesen blir tematisert. Det handlar på mange vis om kva krefter som vinn til slutt. Kva er det som skjer rundt oss? Kva blir vi utsett for? Korleis blir trua vår utfordra og forma i møte med omgjevnadene? Skal vi som kristne, svara for alt vi ikkje skjønar? Rundt bålet på Malta der Paulus befinn seg i dagens bibelord, er det mange ting som kjennest framandt for oss, blant anna ormen i Paulus’ hender, og kva dei som ser på, seier.
Trua mi lever i meg
Dei som sit rundt, meiner Paulus må vera ein mordar, sidan han blir utsett for denne ormen, men så snur dei og seier han må vera ein gud sidan han fiksar ormproblemet. Vi menneske har lett for å plassera kvarandre i kategoriar. Eg vil gjerne snakka med menneske om trua mi, men eg vil helst snakka om det som trua betyr for meg, i tillit til at dei eg snakkar med, vil meg vel, er interesserte og at det ligg til rette for ein god samtale der vi kan dela begge vegar.
Vi har alle vår tru, og den er like ulik som vi er ulike som menneske. Trua vår er forma av oppvekst, erfaringar, ytre påverknader og mykje anna. Eg vil helst ikkje at folk skal plassera meg i ein eigen kategori fordi eg er kristen, men eg vil leva eit vanleg liv i det fellesskapet der eg er sett; på dugnad i friidretten, som tenåringsmamma, klassekontakt, nabo og venn.
Trua mi lever i meg, og eg håpar at det på ulike vis går an å merka det for dei eg møter, like gjerne gjennom det eg gjer, enn det eg seier. Mange menneske leitar etter meining og håp i vår tid, og som kristne har vi så mykje godt å dela. Eg har ikkje behov for å bli grilla som kristen, eg vil mykje heller bli møtt med ei open haldning til den eg er, og det eg trur på. Og eg deler gjerne, for trua er bærebjelken i livet mitt.
---
Apg 28, 1-6
Då vi var berga, fekk vi vita at øya heitte Malta. Dei som budde der, var uvanleg hjelpsame mot oss. Dei tende bål og tok seg av oss alle, for det hadde teke til å regna, og det var kaldt. Paulus sanka saman ein haug med kvister og la på bålet. Då kom det fram ein orm som rømde for heten, og beit seg fast i handa hans. Då folket der såg dyret hanga ned frå handa hans, sa dei til kvarandre: «Den mannen må vera ein mordar, sidan Rettferda ikkje lèt han leva, endå han er berga frå havet.» Men Paulus riste ormen av seg og inn i elden og hadde ikkje noko mein av det. Dei andre venta berre at han skulle hovna opp eller brått falla død til jorda. Men då dei hadde venta ei god stund og såg at det ikkje hende noko uvanleg med han, slo dei heilt om og sa at han måtte vera ein gud.
---