Ettertanke

Eitt hundre og femtitre

ANDAKT: Jesus møter dei etter at han er stått opp frå dei døde. Dei kjenner han ikkje, men kjenner han likevel.

På søndagsskulen i Norheimsund var det stempel i kortet ved frammøte, og eg trur også det vanka eit gullklistremerke i ny og ne, ein fisk sjølvsagt. Eg hadde nok godt over 153 fiskar i garnet, for eg gjekk på søndagsskulen heile barneskulen.

Eg likte søndagsskulen, kanskje mest fordi den forma mitt forhold til bibelforteljingane (og kanskje fordi eg synest søndagar var litt lange og kjedelege). Det var vanlege folk som var leiarar der, ikkje predikantar eller prestar, men far til kompisane mine, damer som hadde vore søndagsskulelærarar i mange år og snille nabodamer som eg kjente.

Det var litt same følelsen som då Svein Tindberg mange år seinare let oss forstå at bibelen inneheld vanlege menneske og deira historie. Det var frigjerande igjen å sleppa det voldsomme patoset frå predikantar på preikestolar på bedehus rundt omkring, som gjorde tekstane til noko framandt på mange vis, gjennom måten dei framførte dei på. Eg har to favoritthistorier frå Det nye testamentet.

Her møtest mi barnetru og mi vaksentru

Den ein er historia om Emmaus-vandrarane, den andre er dagens bibelord, der Jesus møter læresveinane på stranda ein morgon. Eg trur det er fordi eg ser for meg både stemninga, morgonlyset og undringa. Dei spør ikkje kven Jesus er, der på stranda. Men dei skjønar at det er Jesus.

Jesus møter dei etter at han er stått opp frå dei døde. Dei kjenner han ikkje, men kjenner han likevel. Er det ikkje slik det er for oss også? Vi er ikkje alltid så sikre på kva vi trur eller kvifor vi trur, men vi veit og kjenner at vi høyrer saman med Jesus, og vi vil også være nær han.

For nokon er talet 153 viktig, for det seier noko om at Bibelen er til å stola på, eller at talet kan tolkast på ulike måtar og bety forskjellige ting som er både meiningsfylt og interessant. For meg som ikkje er så glad i tal, er det aller viktigaste i denne historia den stille gleda på stranda denne morgonen:

At Jesus er der, at han er til å kjenna att, at sola har stått opp og fargar morgonen raud, at Jesus lar dei få mat. Fellesskapet. Her møtest mi barnetru og mi vaksentru, og songen frå søndagsskulen kling alltid med: «Tro ikke at Jesus er borte, tro ikke at Jesus er død, han lever og gir oss å spise av livets brød

---

Johannes 21,9-13

Då dei kom i land, fekk dei sjå eit bål der, og det låg fisk og brød på glørne. «Kom hit med noko av den fisken de fekk», sa Jesus til dei. Simon Peter gjekk då ut i båten og drog garnet på land. Det var fullt av store fiskar, eitt hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje garnet. Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Ingen av læresveinane våga å spørja han: «Kven er du?» Dei visste at det var Herren. Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og det same gjorde han med fisken.

---

Mer fra: Ettertanke