Folkehøgskular splitta om samlivskrav

Fleire skular som har tilknyting til organisasjonar med eit konservativt samlivssyn, utelukkar likevel ikkje at sambuande eller homofilt samlevande kan jobbe som lærarar hjå dei. Vårt Land har spurt kristne folkehøgskular korleis dei vurderer samlivsspørsmål ved rekruttering av tilsette.

Reportasje

– Det kan hende at somme eigarar har vore meir tydelege og ynskja å prege sin skule meir enn andre. Eg veit ikkje, seier Kjell Konstali.

Han er styreleiar i Informasjonskontor for kristen folkehøgskole (IKF) og rektor ved Solborg folkehøgskule i Rogaland.

– Og så har det skjedd mykje på det samlivsetiske området. Eigarane av folkehøgskulane har forskjellege syn på desse spørsmåla, og slik var det ikkje nødvendigvis for få år sidan. Det er eit produkt av den utviklinga som har vore i samfunnet.

Fire spørsmål

Etter at tilsettingspraksisen til Sjøholt folkehøgskule kom i medias søkelys tidlegare i år (sjå faktaboks), har Vårt Land sendt fire spørsmål til alle dei 34 kristne folkehøgskulane i landet som er knytt til IKF:

1. Kan tilsette på skulen dykkar vere sambuande eller homofilt samlevande?

2. Viss ja, kan dei ha alle slags stillingar?

3. Kva konkret står formulert om samlivskrav til tilsette i dykkar verdidokument?

4. Planlegg de no ei revidering av verdidokumentet?

Det er rektorar og styreleiarar som har svart på vegne av skulen. Nokre gir tydelige svar, mens andre meiner problemet er vanskelig å gje eit bastant svar på - og svarar deretter.

Av dei 34 skulane gir 16 svar som viser at dei opnar for at lærarar kan vere sambuande eller homofilt samlevande, 8 gir svar som viser at dei ikkje opnar for dette, medan resten gir svar som viser at dei ikkje har tydelege retningslinjer i spørsmålet.

Eit interessant funn: Fleire skular som har tilknyting til organisasjonar med eit konservativt samlivssyn, utelukkar likevel ikkje at sambuande eller homofilt samlevande kan jobbe som lærarar hjå dei.

Eigar bestemmer

Ved Solborg folkehøgskule vart verdidokumentet vedteke av skulens styre etter interne drøftingar. Skulen er eigd av Normisjon.
Samlivsform er nemnt i det Konstali kallar generelle vendingar: «Skolen ønsker at det skal være samsvar mellom egen livsførsel og atferd og den oppgave den ansatte står i, med tanke på forkynnelse, undervisning og veiledning av elever. Lovlydighet, forholdet til rusmidler og samlivsetiske spørsmål er her spesielt aktuelle og vil være tema i ansettelsesprosesser.»

– Når eg rekrutterer tilsette, ser eg etter fagleg dugleik og engasjement rundt det å fremje den kristne målsetjinga. Det med samlivsform står ikkje høgst på lista. Styret hjå oss har tilsett einslege mødrer, sambuarar og gjengifte, og det trur eg speglar situasjonen på mange av skulane, uansett eigar, seier Konstali.

Normisjon har bestemt at skulens verdidokument må sjåast i lys av organisasjonens eige dokument.

– I praksis betyr det at rektor og skulens styre bør rette seg etter eigars føringar. Det vart til dømes gjort i samband med utlysing av rektorstillingar, då det var lagt inn krav om samlivsform i utlysingsteksten, fortel han.

– Spelar inga rolle

Då Helle Glimstad (19) valde Folkehøgskolen Sørlandet, der ho har vore elev i år, tenkte ho ikkje over at skulen er kristen.

Folkehøgskolen Sørlandet er eigd av KFUK-KFUM, Normisjon Agder og Indremisjonsforbundet Sør. Då Vårt Land spurte rektor Geir Reinertsen om sambuande og homofilt samlevande kan arbeide ved skulen, svarte han ja. Men dei kan ikkje vere ein del av det pedagogiske personale eller ha leiarstillingar, sidan desse har «en forkynnende oppgave».  Det syns ikkje Glimstad noko om.

Det skal være samsvar mellom egen livsførsel og atferd og den oppgave den ansatte står i

—   Frå verdidokumentet til Solborg folkehøgskule

– Det spelar inga rolle kven ein er kjærast med, så lenge ein har gode verdiar. Dette er jo ein kristen skule, så eg forstår at det er enkelte ting dei meiner er riktig og andre ting som ikkje er det. Men eg tenker at vi lever i 2020. Det er mange homofile som er kristne i dag, det burde ikkje vere noko hinder for dei, meiner ho.

Konstali forstår at samlivskrav kan opplevast vanskeleg om ein ser saka utanfrå.

– Men då må dei vere klare over at dette dreier seg om private skular som står fritt til å ha sine verdigrunnlag og velje dei tilsette dei meiner er best eigna til å formidle nettopp det. Og viss samlivsform er viktig, må ein akseptere det.

Tydelege krav

Bernt Thedros Kvarstein, som også har vore elev ved Folkehøgskolen Sørlandet i år, tykkjer alle stillingar ved skulen bør vere opne for alle. Men han tykkjer samtidig det er bra at kristne folkehøgskular er klare på kva syn dei har på samlivsetikk.

– Det er spesielt viktig på ein skule som vår, der det er eigarar med forskjellege syn. Då må krava dei stiller vere tydelege.

Han kjende til eigarane av skulen før han byrja, men han var ikkje klar over kva føringar dei la for tilsette.

– Hadde det vore viktig for deg, om du hadde visst det?

– Nei, viss eg skal vere heilt ærleg. Det viktigaste for meg er at lærarane er gode, seier han.

– Må oppdatere

Konstali meiner det er bra at Sjøholt-saka og andre kjem fram i lyset, sjølv om han meiner Indremisjonsforbundet er meir rause enn inntrykket som er skapt i media.

Det som er beklageleg, er at mange skular ligg på etterskot med å oppdatere verdidokumenta sine, meiner han.

– Verdidokumenta må fram i lyset og oppdaterast etter dagens situasjon. Ein må tenke gjennom kva som er heilt nødvendig og kvar hovudfokuset skal vere.

Det viktigaste for meg er at lærarane er gode.

—   Bernt Thedros Kvarstein, elev

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Reportasje