Startar privatskule i ei tid styresmaktene vil redusere dei

PRIVATSKULE: Nyetablerte Hans Nielsen Hauge Grunnskoler reknar med å gå i underskot første året, men bekymrar seg ikkje for lågt elevtal i starten: – Det kjem elevar, seier rektor

Lukta av sagspon og måling slår mot nasen idet ein trer over dørterskelen til Norlights international school sitt tidlegare bibliotek i Oslo.

Fire ferdigoppussa klasserom står som blanke ark, klare for å bli innreia med alt eit barneskule-klasserom skulle trenge.

Bygget i Skådalen nær Holmenkollen blei teikna av arkitekt Sverre Fehn på 70-talet, og var skule for elevar med døvblindheit fram til 2020. Tidlegare har også andre spesialpedagogiske tenester vore lokalisert her. I dag held den internasjonale Norlights-skulen til i deler av bygget.

No blir ein annan fløy i Fehn-bygget nytt skulelokale til pinsekyrkjelyden Jesus church si nysatsing Hans Nielsen Hauge Grunnskoler.

Øyfrid Sofienlund

– Vi er jo ein vanleg skule, samtidig som vi har det kristne verdigrunnlaget i botn. Her er det naturleg å snakke om Jesus, seier rektor Øyfrid Sofienlund.

Godkjend for 300 elevar – håper ein oppstart med 20

Denne tidlege augustdagen er det berre to sjeler i det vesle lokalet. Sofienlund og Franchesca Paz, éin av dei tre andre tilsette, er i gong med å vaske dei fleirfarga plasteskene rundt om i rommet, og har ein stor jobb framfor seg knytt til dei mange bananeskene med brettspel, sportsutstyr og skulemateriell.

Måndag 21. august er håpet at plassen skal bli fylt med minst tjue barn. Då opnar dørene og skulekvardagen for alvor.

– Vi er ikkje så langt unna her, litt lengre frå på Kolbotn, seier Sofienlund.

Også på Kolbotn i Nordre Follo kommune er Hans Nielsen Hauge Grunnskoler eit faktum.

Utdanningsdirektoratet har godkjent skulen i Oslo for 300 elevar, og skulen i Nordre Follo for 280 – men første skuleåret er altså målet å innlosjere eit lite antal elevar kvar plass.

Øyfrid Sofienlund

– Det kjem elevar

Motivasjonen for å starte skulen var å opprette eit kristent verdiforankra skuletilbod, med tydelege verdiar i botn for undervisning og oppdraging. Foreldreinitiativ var også noko av utgangspunktet.

Sjølv om Sofienlund ikkje tillegg det vekt knytt til skuleinitiativet, har dei også sett ein marknad som opnar for å opprette ein ny kristen skule.

Det finst allereie tre kristne barneskular, og totalt fire kristne grunnskular i Oslo. Det er snakk om Ryenberget skole, St. Sunniva Skole, Østmarka skole og Kristelig Gymnasiums ungdomsskole.

– Det bur noko sånt som 800.000 i Oslo. Det burde vere marknad for fleire kristne skular, seier ho.

Øyfrid Sofienlund

Ho legg til at det viser seg at dei kristne privatskulane har ventelister. Og på nettsidene skriv dei at Norlights International School, som også driv skule på eigedomen, har 200 på venteliste. Dette ser dei på som positivt for eiga drift.

Sofienlund seier at dei også allereie har ein del søkjarar som begynner på skulen dei neste åra.

– Viss ikkje søkjartalet skulle auke til neste år og dei neste åra – korleis vil de sjå på det?

– Vi veit at vi må ha minst femten elevar eit av dei siste tre åra heile tida, det er slik reglane er for å drive skule, men vi har eigentleg ikkje bekymra oss for det. Det kjem elevar, slår ho fast.

Spente på den økonomiske framtida

Privatskulen fekk bevillinga i februar 2021, under høgreregjeringa til Erna Solberg. Etter regjeringsskifte same året, har den raudgrøne regjeringa stramma inn Privatskolelova i fleire omgangar.

Regjeringa har mellom anna redusert tilskot frå 75 til 65 prosent til enkelte typar skular som er godkjent etter kapittel 6A i Privatskolelova, som bibelskular og enkelte kunstskular. Og i endringa til Privatskolelova frå 1. august skal det leggjast vesentleg vekt på lokalpolitikarane si meining når Utdanningsdirektoratet og departementet vurderer søknader til nye private skular.

Øyfrid Sofienlund

I april 2022 uttalte kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) at regjeringa vil stanse privatiseringa, og byggje ein sterkare offentleg fellesskule.

– Er de bekymra for den økonomiske situasjonen no, med tanke på at den raudgrøne regjeringa har vore tydelege på at dei ønskjer å styrke den offentlege skulen og redusere talet på nyetablerte privatskular?

– Ja, vi er jo det, men eg veit ikkje om vi kan seie bekymra – meir spent kanskje på kva som kjem til å skje. Vi veit jo at vi treng alle midlar vi får, og det kostar å starte ny skule. Det er mange ekstra utgifter i oppstarten, spesielt når ein ikkje har så stort elevtal, for statstilskotet er jo avhengig av kor mange elevar ein har. Men etter kvart som elevtalet blir høgare, vil det lettare gå rundt, seier rektoren.

Ho seier arbeidsgruppa ikkje har diskutert så mykje friskulepolitikk, då dei har vore mest opptatte av å komme i gong.

– Når den ivrige arbeidsgruppa no straks kan sjå to skular bli verkelegheit og vi er over på dagleg drift, vil friskulepolitikk bli eit meir diskutert tema i personalet og i skulane sine styre.

– Økonomi skal ikkje vere noko hinder for å gå på privatskule

For å vere elev på skulen, må familien ut med 1.771 kroner i månaden – same tal som fødeåret til Hans Nielsen Hauge. Privatskulane får 85 prosent statstilskot med grunnlag i «gjennomsnittlege driftsutgifter per elev i den offentlege skolen», som betyr at skulen kan ta 15 prosent i betaling. I grunnlaget for statstilskotet er ikkje utgifter til blant anna skulebygg rekna med, ifølgje rektoren.

15 prosent av summen per elev ville ha tilsvara om lag 3.500 kroner, noko som ville ha vore for dyrt, ifølgje Sofienlund.

Skulen har også ordningar som gjer at familiar med låg betalingsevne kan få redusert pris eller friplass.

– Økonomi skal ikkje vere noko hinder for å gå på privatskule.

Ho erkjenner at dei i starten er avhengig av gåver frå givarar utanfrå, og trur initiativtakar Jesus church må bidra med litt pengar, enten som lån eller gåve.

Øyfrid Sofienlund

Men av erfaring som tidlegare rektor på Grenland kristne skole i Skien, meiner ho likevel at privatskulane klarer å drive rimelegare enn offentleg skule.

– Det er meir dugnad og fleire frivillige som stiller opp og gjer ein ekstra innsats for å få til ting, slik at ein slepp å kjøpe alle tenester. Og vi er ikkje bundne av innkjøpsordningar som gjer at ein lettare kan handle når det er tilbod og slikt, seier ho, og legg til:

– Men klart at når ein har mindre klassar kostar kvar klasse meir. Så spesielt i oppstarten er ein avhengig av økonomi utanfrå.

Øyfrid Sofienlund


Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Reportasje