1998 var året då dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik oppretta Verdikommisjonen, eks-statsminister Gro Harlem Brundtland blei verdshelsedoktor, Norge rauk ut av fotball-VM etter Italia-tapet og Frank Sinatra tok med seg «My Way» i grava.
KrP-toppen Lars Gunnar Lie gjekk også sin eigen veg:
– Å, det forslaget, ja, det hugsar eg godt, og særleg framsida i VG – og leiaren, seier Lie i dag.
Lie, som var leiar av Stortingets mektige finanskomité, ville ta frå kvarmann taxfree-kvota. Av edruskapsomsyn burde ikkje folk få kjøpe billeg alkohol på utanlandsturar.
– Fekk du kjeft, Lie?
– Om eg gjorde. Det vanka mange sterke reaksjonar.
LES OGSÅ: Taxfree for fall
«Gledesløs»
Norges største avis plasserte Lie og forslaget på framsida. På leiarplass fortalde VG KrF-Lie kvar David kjøpte ølet:
«Nå får det være nok! Forslaget fra KrF-toppen Lars Gunnar Lie om å avskaffe taxfree-handelen er enda et eksempel på gledesløs politisk tenkning i Kristelig Folkeparti (...) Vi tror folk flest vil ha seg frabedt slikt humørløst formynderi.»
– Eg, seier Lie i dag, eg tok berre fram KrFs politikk. Men fordi eg var leiar av finanskomiteen, blei det slått stort opp i VG. Eg blei skulda for å ta gleda frå folk.
LES OGSÅ: Drikkemønster i endring
Utgått på dato
Snart ein mannsalder seinare ser VG heilt annleis på saka:
«Ideen om at folk som reiser med fly til og fra utlandet skal kunne kjøpe billig sprit, er utgått på dato (...) Et argument for å opprettholde det avgiftsfrie alkoholsalget, er at Avinors leieinntekter omfordeles til drift av det såkalte kortbanenettet. Det er en eiendommelig idé at billig brennevin skal subsidiere norsk flytrafikk.»
– Velkomen etter, ler den pensjonerte stortingsrepresentanten. Han sat 16 år på Tinget og fekk eit år som samferdselsminister i Syse-regjeringa.
Bakgrunnen for VGs rundsnuing er at Arbeidarpartiet og eit helseutval leia av eks-leiar av Finanskomiteen, Torgeir Micaelsen, no går inn for å avvikle ordninga med at du kan bere med deg heim posar med avgiftsfrie, flytande landbruksprodukt.
– Sjølvsagt burde Arbeidarpartiet fjerna ordninga medan dei styrte Norge i åtte år. Men det er flott at dei har kome fram til at Norge må avvikle taxfree-handelen, til liks med resten av Europa. Så det er berre å seie «velkomen etter».
LES OGSÅ: Høie: Taxfree-endringer kan utfordre polets framtid
Følg oss på Facebook og Twitter!
Støtte i folket
Folket er også samde: 54 prosent svara ja til taxfree-kutt i ei Klassekampen-måling før jul.
Men: Skal så skje, må prisane på Vinmonopolet ned, sa folket i same måling.
Ikkje noko problem, meiner polstyrar Kai Henriksen. Dersom halvparten av taxfree-salet går til Vinmonopolet kan prisen på ei flaske vin gå ned med 15 kroner i snitt.
Før jul valsa Stortings-fleirtalet over dei blåblå og kravde ei utgreiing om taxfree-salet på flyplassane. Mål: Overføre salet til Vinmonopolet.
– Eg trur taxfree-salet står for fall. Det er berre Høgre og Frp som ønskjer dagens ordning, seier generalsekretær Mina Gerhardsen i Actis.
– Kvifor ser vi ei haldningsendring i synet på taxfree?
– Forklaringa er omfanget. Det som skulle vere ein liten ventil er blitt ei vidopen dør. Regjeringas siste utviding av taxfree-kvota provoserte mange, og på flyplassane er alkoholsalet blitt altfor påtrengjande, forklarar Gerhardsen.